Semestre
IDK167N Vurdering av multimodale prosessar og produkt
Ingen.
I dette emnet vil studentane få ei grunnleggjande innføring i teori og praksis knytt til vurderingsarbeid i multimodale kontekstar. Emnet vil ha fokus både på undervisings- og læringsarbeid i det digitale klasserommet, og tek utgangspunkt i eit utvida tekstomgrep og arbeid med digitale tekstar, video, lyd, bilde og andre multimodale uttrykksformer. Det primære fokuset vil vere på vurdering for læring og spesifikke aspekt ved det å vurdere multimodale prosessar og produkt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- Ha kjennskap til ulike vurderingsmåtar, -situasjonar og -kontekstar.
- Kunne bruke sentrale omgrep knytt til multimodalitet og semiotisk meningsskaping.
Studenten skal kunne
- Planlegge for multimodal vurdering.
- Utvikle læringsdesign og vurderingskriterier, også i dialog med elevane.
Studenten skal
- Kunne utvikle eit læringsforløp for undervegs- og sluttvurdering av multimodale prosessar og produkt.
Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling. Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).
Frammøtekrav: Ingen.
Arbeidskrav:
Emnet har to mappeoppgaver som ma godkjennast for innlevering til eksamen.
- Eit gruppearbeid med utgangspunkt i case
- Eit individuelt arbeid - Eit eige læringsdesign.
Omfanget på kvar oppgave vil vere pa om lag 10 timar arbeid. Samla eksamensmappe har saleis eit omfang pa om lag 20 timar arbeid. Desse oppgavene utgjer ogsa eksamensmappa som skal leverast og vurderast ved semesterslutt. Studentane får tilbakemelding på mappeoppgavene etter levering/godkjenning som arbeidskrav. Om ei mappeoppgave blir vurdert som "ikkje godkjent" etter første levering vil studenten fa ny frist for levering av revidert versjon.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Kr. 2.000,-.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 % |