Semestre
IFL116 Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk
Emnet er samansett av desse kursa:
Kurs 1. Fagdidaktikk
- Innføring i fagdidaktikk knytt til idrett, kroppsøving og friluftsliv
- Didaktikk knytt til lagspel, læring og leiing
- Undervisningsmetodar og arbeidsmåtar med tanke på tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge
- Drøfting av faglege, pedagogiske og praktiske problemstillingar knytt til den organiserte idretten, kroppsøvingsfaget og friluftsliv
- Teori knytt til vurdering, tiltak, prioriteringar og val ved tilrettelegging for læring gjennom fysisk aktivitet
Praktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 2, 3, 4 og 5.
Kurs 2. Symjing og livberging
Symjing
- Vasstilvenning
- Opplæring i symjeartane bryst -, rygg- og frisymjing
- Ballspel i vatn
Livberging
- Basisdugleikar i symjing, dykking, ilandføring og HLR
- Livbergingsprøve
Kurs 3. Leik og idrettsaktivitetar
- Kreativ læring i idrett og kroppsøving
- Tradisjonelle og utradisjonelle leikar og idrettsaktivitetar i ulike rørslemiljø
- Leik
- Grunnleggjande innføring i innebandy, med fokus på tilrettelegging for barn og unge
Kurs 4. Orientering
- Orientering i idrett og kroppsøving
- Bruk av kart og kompass i ulike miljø
Kurs 5. Friidrett
- Innføring i grunnleggjande friidrettsteknikkar
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- og kan reflektere kritisk kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
- kroppsøvingsfaget sin eigenart
- barn og unge med utgangspunkt i betyding av kjønn, sosial bakgrunn, den fleirkulturell skulen, evne og funksjonsnivå knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
- fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv
- og har praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
- planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring knytt til praktisk aktivitet
- å utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn
Studenten kan
- planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske krav
- leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, symjing og tidsaktuelle rørsleformer.
- vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, læringsfremjande tilbakemelding og vurdering i kroppsøving
- identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn
- ta seg fram og leggje til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass
- leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for ulike målgrupper
- leggje til rette for grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane
Studenten har generell kompetanse til å
- vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
- ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving/organisert idrett og kroppsleg læring
- forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Frammøtekrav:
- Kurs 1: Krav om 80% frammøte/ deltaking til obligatorisk seminar.
- Det er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar i kurs 1, 2, 3, 4 og 5.
Alle arbeidskrav skal vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IFL 116:
- Kurs 1, fagdidaktikk: Godkjent innlevering av individuelt arbeid i fagdidaktikk. Omfang: ca. 2000 ord.
- Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
- Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
- Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
- Godkjent livbergingsprøve i basseng
- Godkjent idrettsteoriprøve/ oppgåve i orientering og symjing og livberging.
- Godkjent praktisk-metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 2,3, 4 og 5 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk-metodisk opplegg der dei underviser medstudentar. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningsliner for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Materialpengar kr 200,-
Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar i kurs 4 og 5.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
- Bachelorstudium i idrett
- Idrett årsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. Kurs 1: Fagdidaktikk. |