Semesters

IFL116 Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk

Course code: 
IFL116
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Emnet er samansett av desse kursa: 

Kurs 1. Fagdidaktikk 
- Innføring i fagdidaktikk knytt til idrett, kroppsøving og friluftsliv
- Didaktikk knytt til lagspel, læring og leiing
- Undervisningsmetodar og arbeidsmåtar med tanke på tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge
- Drøfting av faglege, pedagogiske og praktiske problemstillingar knytt til den organiserte idretten, kroppsøvingsfaget og friluftsliv
- Teori knytt til vurdering, tiltak, prioriteringar og val ved tilrettelegging for læring gjennom fysisk aktivitet

Praktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 2, 3, 4 og 5.

Kurs 2. Symjing og livberging

Symjing
- Vasstilvenning
- Opplæring i symjeartane bryst -, rygg- og frisymjing
- Ballspel i vatn

Livberging
- Basisdugleikar i symjing, dykking, ilandføring og HLR
- Livbergingsprøve

Kurs 3. Leik og idrettsaktivitetar
Kreativ læring i idrett og kroppsøving
- Tradisjonelle og utradisjonelle leikar og idrettsaktivitetar i ulike rørslemiljø
- Leik
- Grunnleggjande innføring i innebandy, med fokus på tilrettelegging for barn og unge

Kurs 4. Orientering
- Orientering i idrett og kroppsøving
- Bruk av kart og kompass i ulike miljø

Kurs 5. Friidrett
- Innføring i grunnleggjande friidrettsteknikkar

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om

  • og kan reflektere kritisk kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
  • kroppsøvingsfaget sin eigenart
  • barn og unge med utgangspunkt i betyding av kjønn, sosial bakgrunn, den fleirkulturell skulen, evne og funksjonsnivå knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
  • fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv
  • og har praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
  • planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
  • den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring knytt til praktisk aktivitet
  • å utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn
Learning outcome skills

Studenten kan

  • planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske krav
  • leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, symjing og tidsaktuelle rørsleformer.
  • vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, læringsfremjande tilbakemelding og vurdering i kroppsøving
  • identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
  • utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn
  • ta seg fram og leggje til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass
  • leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for ulike målgrupper
  • leggje til rette for grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane
Learning outcome qualification

Studenten har generell kompetanse til å

  • vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
  • ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
  • kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving/organisert idrett og kroppsleg læring
  • forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar

 

 

Working and learning activities

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • Kurs 1: Krav om 80% frammøte/ deltaking til obligatorisk seminar.
  • Det er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar i kurs 1, 2, 3, 4 og 5.

 

Alle arbeidskrav skal vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IFL 116:

  • Kurs 1, fagdidaktikk: Godkjent innlevering av individuelt arbeid i fagdidaktikk. Omfang: ca. 2000 ord.
  • Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
  • Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
  • Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
  • Godkjent livbergingsprøve i basseng
  • Godkjent idrettsteoriprøve/ oppgåve i orientering og symjing og livberging.
  • Godkjent praktisk-metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 2,3, 4 og 5 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk-metodisk opplegg der dei underviser medstudentar. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningsliner for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart.
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Elisabeth Innselset
Expenses

Materialpengar kr 200,-

Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar i kurs 4 og 5.

Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg. 

Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav. 

Used in other programs
  • Bachelor in Sports Education
  • Sports/physical education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Digital eksamen. Kurs 1: Fagdidaktikk.
Approval signature: 
Aud Folkestad