Semestre

IFL116 Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk

Emnekode: 
IFL116
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet er samansett av desse kursa: 

Kurs 1. Fagdidaktikk 
- Innføring i fagdidaktikk knytt til idrett, kroppsøving og friluftsliv
- Didaktikk knytt til lagspel, læring og leiing
- Undervisningsmetodar og arbeidsmåtar med tanke på tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge
- Drøfting av faglege, pedagogiske og praktiske problemstillingar knytt til den organiserte idretten, kroppsøvingsfaget og friluftsliv
- Teori knytt til vurdering, tiltak, prioriteringar og val ved tilrettelegging for læring gjennom fysisk aktivitet

Praktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 2, 3, 4 og 5.

Kurs 2. Symjing og livberging

Symjing
- Vasstilvenning
- Opplæring i symjeartane bryst -, rygg- og frisymjing
- Ballspel i vatn

Livberging
- Basisdugleikar i symjing, dykking, ilandføring og HLR
- Livbergingsprøve

Kurs 3. Leik og idrettsaktivitetar
Kreativ læring i idrett og kroppsøving
- Tradisjonelle og utradisjonelle leikar og idrettsaktivitetar i ulike rørslemiljø
- Leik
- Grunnleggjande innføring i innebandy, med fokus på tilrettelegging for barn og unge

Kurs 4. Orientering
- Orientering i idrett og kroppsøving
- Bruk av kart og kompass i ulike miljø

Kurs 5. Friidrett
- Innføring i grunnleggjande friidrettsteknikkar

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter å ha fullført studiet skal studentane ha kunnskap om:

  • og kritisk kunne reflektere kring fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon
  • kroppsøvingsfaget sin eigenart
  • barn og unge med utgangspunkt i betyding av kjønn, sosial bakgrunn, den fleirkulturell skulen, evne og funksjonsnivå knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
  • ha kunnskap om fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv
  • praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
  • å planleggje, leggje til rette for og gjennomføre praktisk metodisk opplegg i utvalde aktivitetar
  • den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring knytt til praktisk aktivitet
  • å utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn
Ferdigheiter

Etter å ha fullført studiet skal studentane ha ferdigheiter i 

  • å planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske krav
  • å leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, symjing og tidsaktuelle rørsleformer.
  • å vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, læringsfremjande tilbakemelding og vurdering i kroppsøving
  • å identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
  • å utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn
  • å ta seg fram og legge til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass
  • å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for ulike målgrupper
  • grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane
Generell kompetanse

Etter å ha fullført studiet skal studentane ha generell kompetanse til å:

  • å vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving/organisert idrett og kroppsleg læring
  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar

 

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Kurs 1: Obligatorisk seminar.
  • Det er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar i kurs 3, 4 og 5.
  • Kurs 2: Symjing og livberging, der ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs. 

 

Alle arbeidskrav skal vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i IFL 116:

  • Kurs 1, fagdidaktikk: Godkjent innlevering av individuelt arbeid i fagdidaktikk. Omfang: ca. 2000 ord.
  • Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
  • Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
  • Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
  • Godkjent livbergingsprøve i basseng
  • Godkjent idrettsteoriprøve/ oppgåve i kurs 2, 3, 4 og 5
  • Godkjent praktisk-metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 2,3, 4 og 5 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk-metodisk opplegg der dei underviser medstudentar. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningsliner for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
-
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

Materialpengar kr 200,-

Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar i kurs 4 og 5.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i idrett
  • Idrett årsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen. Kurs 1: Fagdidaktikk.