Semestre

IFL204 Friluftsliv II

Emnekode: 
IFL204
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
-
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Krav til forkunnskapar

IFL203 (Friluftsliv 1) og IFL205 (Helse)

Om emnet

Emnet "Friluftsliv II" har vekt på vinter, snø og skred, der ein bygger vidare på kunnskapen frå grunnivået. Det blir fordjupingstur i alpint friluftsliv i Sveits, arktisk friluftsliv på Svalbard eller friluftsliv i Norge (Sveit og Svalbard kan ha eit avgrensa tal plassar). Emnet inneheld ei studiesamling på snødekka bre og det blir segltokt på Sunnmørskysten som siste faglege samling. Emnet inngår som eit av fire emner i Fordjupingstudium Friluftsliv.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført dette studiet skal studentane: - Ha allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen - Ha dei kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav - Ha kunnskap om vegledning i friluftsliv om vinteren og på kysten - Kunne anvende faglige kunnskapar på praktiske og didaktiske problemstillingar - Kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar- Ha grunnleggande kunnskap om vitskapsteori og metodelære.

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar, erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil veksle mellom drøftingar i plenum/forelesing, seminar, gruppearbeid og opphald ute. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå friluftsliv vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste praktiske opplegg, utandørsopplegg og førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100 % deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.Materialpengar: Kr. 200,-.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

-

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
20
Emnet inngår i følgande studieprogram