Semestre

IFL204 Friluftsliv II

Emnekode: 
IFL204
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

IFL203 (Friluftsliv 1) og IFL205 (Helse)

Om emnet

Emnet "Friluftsliv II" har vekt på vinter, snø og skred, der ein bygger vidare på kunnskapen frå grunnivået. På vinteren er det fokus på skred og ferdsel på ski i fjellet og det blir fordjupingstur i alpint friluftsliv i Sveits, arktisk friluftsliv på Svalbard eller friluftsliv i Norge (Sveits og Svalbard kan ha eit avgrensa tal plassar). I emnet så inngår det ein praksisperiode, ei studiesamling på snødekka bre og det blir segltokt på Sunnmørskysten som siste faglege samling. Emnet inngår som eit av fire emner i Fordjupingstudium friluftsliv.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten:

  • Ha allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
  • Ha kunnskap om trygg ferdsel på ski på lagdelt vintersnø
  • Ha kunnskap om vegleiing i friluftsliv
  • Ha kunnskap om trygg ferdsel på ski på snødekka bre
  • Ha kunnskap om segling på kysten
  • Ha kunnskap om eit sjølvvalt fordjupingsområde
  • Ha kunnskap til å vurdere eigen og andre sine føresetnadar i forhold til å ferdast i ulike naturtypar
  • Ha kunnskap om planlegging og tilrettelegging for læring i og om natur. 
  • Kunne anvende faglege kunnskapar på praktiske og didaktiske problemstillingar
Ferdigheiter

Studenten skal:

  • Kunne ta ansvar for grupper i læringssituasjoner i friluftsliv
  • Kunne anvende vegleiing som metode 
  • kunne praktiske og teoretiske ferdigheiter som medfører trygg og lærerik ferdsel i natur
  • Kunne planlegge og legge til rette for læring i og om natur. 
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • Kunne bidra til utvikling av god praksis innan fagområdet gjennom utveksling av synspunkt og erfaringar
  • Forstå verdien tindefriluftslivets tradisjoner
  • Reflektere over og vurdere analytisk, kreativt og kritisk hvordan vegleiing blir utøvd og også forstå friluftslivet sin plass i samfunnsutviklinga
  • Forstå verdien av naturen som lærings- og opplevelsesarena
  • Ta ansvar for og forstå viktigheita av kontinuerlig personleg eigenutvikling 

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv. Opplevingar, erfaringar ein får ute vil gje grunnlag for drøfting og anna studiearbeid. Studiearbeidet vil veksle mellom drøftingar i plenum/forelesing, seminar, gruppearbeid og opphald ute. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Godkjent deltaking etter høgskulens reglar for obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk deltaking på dei fleste praktiske opplegg, utandørsopplegg og førebuing og etterarbeid i samband med dette. Enkelte praktiske opplegg krev 100 % deltaking. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Stig Løland
Materialavgift

Materialpengar kr. 300,-.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Friluftsliv fordjuping
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
1 veke
Stått eller ikkje stått
Skredsamling.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
1 veke
Stått eller ikkje stått
Vårskitur.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
1 veke
Stått eller ikkje stått
Segltokt.