Semestre
IFL206 Bacheloroppgåve
Bachelorstudentar i idrett må ha: 90 studiepoeng i idrett, der 30 studiepoeng er på fordjupingsnivå: IFL 101 Motorisk læring 15 stp, IFL 116 Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk 15st, IFL 117 Pedagogikk, Idrett og Samfunn 15 stp, IFL 104 Treningslære 15 stp. IFL 201 Prestasjonsutvikling 15 stp og IFL 205 Helse 15 stp. Eller tilsvarande.
Bachelorstudentar i friluftsliv må ha : 90 studiepoeng i friluftsliv, der 30 studiepoeng er på fordjupingsnivå: IFL 105 Frå fjøre til fjell 30 stp, IFL 106 Snø, ski og bre 30 stp, IFL 203 Friluftsliv I 15 stp og IFL 205 Helse 15 stp. Eller tilsvarande.
Formålet med dette emnet er å gje studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit tema med fokus på idrett eller friluftsliv. I Emnet arbeider vi med ulike vitskapsteoretiske retningar. Kort innføring i vitskapleg metode, statistikk, vitskapsteori og filosofi. Skriving av oppgåve. Tema for oppgåva skal ha relevans ut i frå valt fagkombinasjon i bachelorløpet, dvs. innan idrett, friluftsliv eller helse. Oppgåva vil bli vurdert både ut frå form og innhald.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har djupare kunnskap i eit tema innan kunnskapsområdet idrett og friluftsliv eller helse.
- har kunnskap innan ulike forskingsmetodiske tilnærmingar.
- kan fordjupe seg i eit fagleg emne.
Studenten
- kan gjennomføre eit forskingsprosjekt/litteraturstudium/utviklingsarbeid basert på kunnskap innan valt tema og forskingsmetodiske tilnærmingar.
kan planleggje og gjennomføre eit arbeid.
kan avgrense problemfeltet og utforme problemstillingar.
kan bruke kjeldemateriale.
kan presentere og vurdere resultat.
Studenten
kan analysere og kritisk reflektere over forsking i kunnskapsområdet/fagfeltet og er medviten om nødvendigheita av å kjenne til ny forsking og vere oppdatert.
kan vise eit fagleg engasjement i viktige spørsmål, og kan på eit forskingsbasert grunnlag analysere og formidle eit samansett fagstoff
kan handtere forskingsetiske problemstillingar
Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig arbeid under rettleiing av faglærar. I innføringskurset vil ein variere mellom plenum, gruppearbeid og sjølvstudium.
Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.
Problemstilling og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på, skal framsendast rettleiar innan fastsett tid i semesterplanen.
Framlegging av problemstilling/tema i mindre grupper.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Friluftsliv fordjuping
- Idrett fordjupning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Gruppe | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1. Skriftleg oppgåve. Omfang på 8 000 - 12 000 ord. Linjeavstand 1,5 i Times New Roman, 12 pkt font. Evt tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg. 2. Fagleg presentasjon på 30 minutt av ei problemstilling (valfrie hjelpemiddel) + 15 minutt til å svare på spørsmål. |
som alternativ til skriftleg oppgåve kan studentane velje munnleg presentasjon.