Semestre
IFL206 Bacheloroppgåve
Bachelorstudentar i idrett må ha: 90 studiepoeng i idrett, der 30 studiepoeng er på fordjupingsnivå: IFL 101 Motorisk læring 15 stp, IFL 116 Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk 15st, IFL 117 Pedagogikk, Idrett og Samfunn 15 stp, IFL 104 Treningslære 15 stp. IFL 201 Prestasjonsutvikling 15 stp og IFL 205 Helse 15 stp. Eller tilsvarande.
Bachelorstudentar i friluftsliv må ha : 90 studiepoeng i friluftsliv, der 30 studiepoeng er på fordjupingsnivå: IFL 105 Frå fjøre til fjell 30 stp, IFL 106 Snø, ski og bre 30 stp, IFL 203 Friluftsliv I 15 stp og IFL 205 Helse 15 stp. Eller tilsvarande.
Formålet med dette emnet er å gje studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit tema med fokus på idrett eller friluftsliv. I Emnet arbeider vi med ulike vitskapsteoretiske retningar. Kort innføring i vitskapleg metode, statistikk, vitskapsteori og filosofi. Skriving av oppgåve. Tema for oppgåva skal ha relevans ut i frå valt fagkombinasjon i bachelorløpet, dvs. innan idrett, friluftsliv eller helse. Oppgåva vil bli vurdert både ut frå form og innhald.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- Djupare kunnskap i eit tema innan kunnskapsområdet idrett og friluftsliv eller helse
- Kunnskap innan ulike forskingsmetodiske tilnærmingar
- Evne til å fordjupe seg i eit fagleg emne
Studenten kan:
- Gjennomføre eit forskingsprosjekt/litteraturstudium/utviklingsarbeid basert på kunnskap innan valt tema og forskingsmetodiske tilnærmingar
Planleggje og gjennomføre eit arbeid
Avgrense problemfeltet og utforme problemstillingar
Bruke kjeldemateriale
Presentere og vurdere resultat
Studenten kan:
Analysere og kritisk reflektere over forsking i kunnskapsområdet/fagfeltet og er medviten om nødvendigheita av å kjenne til ny forsking og vere oppdatert
Vise eit fagleg engasjement i viktige spørsmål, og kan på eit forskingsbasert grunnlag analysere og formidle eit samansett fagstoff
Handtere forskingsetiske problemstillingar
Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig arbeid under rettleiing av faglærar. I innføringskurset vil ein variere mellom plenum, gruppearbeid og sjølvstudium.
Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.
Problemstilling og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på, skal framsendast rettleiar innan fastsett tid i semesterplanen.
Framlegging av problemstilling/tema i mindre grupper.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelorstudium i friluftsliv
- Bachelorstudium i idrett
- Friluftsliv fordjuping
- Idrett fordjupning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Gruppe | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1. Skriftleg oppgåve. Omfang på 8 000 - 12 000 ord. Linjeavstand 1,5 i Times New Roman, 12 pkt font. Evt tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg. 2. Fagleg presentasjon på 30 minutt av ei problemstilling (valfrie hjelpemiddel) + 15 minutt til å svare på spørsmål. |
som alternativ til skriftleg oppgåve kan studentane velje munnleg presentasjon.