Semestre
IKF101 Treningslære
Ingen.
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i treningslære og bevegelseslære, og studenten skal tileigne seg kunnskap og erfaring om og med undervisning i ulike rørslemiljø.
Hovudtema er å lære om treningsmetoder, treningsprinsipp, basisdugleikar om korleis fysiologiske mekanismar gjer kroppen i stand til å skape kraft og rørsle, ergonomi, fysisk aktivitet, helse og livsstil.
Dette skal gi godt grunnlag for rettleiing i fysisk aktivitet, kroppsøving og idrett.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i praktisk treningslære, turn og generell koordinasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
- har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr
- har grunnleggjande kunnskap om idrettsskadar
- har kunnskap om grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar
- har kunnskap om grunnleggjande ergonomi
- har kunnskap om basisdugleikar som er relevant til kroppsøving og idrett
- har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie instruksjon i turn og generell koordinasjon
- har kunnskap og erfaring med å planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
- kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
- kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett
- forstår samanhengen melom muskel og skjelett i rørsle
- har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
- kan planleggje leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
Studenten:
- kan vurdere grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving og innan idretten
- kan kommunisere om grunnleggande anatomi og bevegelseslære
- kan forstå samanhengen mellom anatomiske og mekaniske element som grunnlag for å vurdere og rettleie elev/utøvar i praktiske aktiviteter
- kan reflektere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i turn og generell koordinasjon
- kan tilrettelegge for eit variert og stimulerende rørslemiljø i skule og innan idretten
- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøving/idrettslærar
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i turn, grunnleggjande koordinasjon og praktisk treningslære vil foregå i sal, på styrkerom, i testlaboratorium og på Høgskulen sitt uteområde eller i nærmijøet.
Ved digital undervisning i zoom vert det stilt krav om aktiv deltaking.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Treningslære
Kurs 2: Bevegelseslære
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:
Kurs 3: Praktisk treningslære
Kurs 4: Turn og generell koordinasjon
Frammøtekrav:
Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 4.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs
- Godkjent arbeidskrav/innlevering i kurs 4.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
200 kr.
- Idrett og kroppsøving - årsstudium
- Idrett og kroppsøving - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Kurs 1: Treningslære | Ingen | |
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Kurs 2: Bevegelseslære | Ingen |