Semestre
IKF101 Treningslære
Ingen.
Emnet gir ei grunnleggjande innføring i treningslære og bevegelseslære, og studenten skal tileigne seg kunnskap og erfaring om og med undervisning i ulike rørslemiljø.
Hovudtema er å lære om treningsmetoder, treningsprinsipp, basisdugleikar om korleis fysiologiske mekanismar gjer kroppen i stand til å skape kraft og rørsle, ergonomi, fysisk aktivitet, helse og livsstil.
Dette skal gi godt grunnlag for rettleiing i fysisk aktivitet, kroppsøving og idrett.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i praktisk treningslære, turn og generell koordinasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr
har kunnskap om idrettsskadar
har kunnskap om grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding
har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar
har kunnskap om grunnleggjande ergonomi
har kunnskap om basisdugleikar som er relevant til kroppsøving og idrett
har fagkunnskap og didaktisk kunnskap knytt til å leie instruksjon i turn og generell koordinasjon
har kunnskap og erfaring med å planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett
forstår samanhengen melom muskel og skjelett i rørsle
har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp
har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
kan planleggje leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
Studenten:
kan vurdere grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne
kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving og innan idretten
kan kommunisere om grunnleggande anatomi og bevegelseslære
kan forstå samanhengen mellom anatomiske og mekaniske element som grunnlag for å vurdere og rettleie elev/utøvar i praktiske aktiviteter
kan reflektere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i turn og generell koordinasjon
kan tilrettelegge for eit variert og stimulerende rørslemiljø i skule og innan idretten
kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøving/idrettslærar
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, nettbasert læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i turn, grunnleggjande koordinasjon og praktisk treningslære vil foregå i sal, på styrkerom, i testlaboratorium og på Høgskulen sitt uteområde eller i nærmijøet.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Treningslære
Kurs 2: Bevegelseslære
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:
Kurs 3: Praktisk treningslære
Kurs 4: Turn og generell koordinasjon
Frammøtekrav:
Krav om 80% oppmøte i kurs 1, 2, 3 og 4.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs
- Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 4.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
200 kr
- Bachelorstudium i friluftsliv
- Idrett og kroppsøving - årsstudium
- Idrett og kroppsøving - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Kurs 1: Treningslære | ||
Digital eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Kurs 2: Bevegelseslære |