Semestre
IKF103 Undervisningslære
Ingen.
Emnet er ei grunnleggjande innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller tilretteleggar for fysisk aktivitet.
Studenten får prøve seg på ulike aktivitetsformer og variert undervisning, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring og meistring, positiv sjølvforståing og bevegelsesglede for barn og unge med ulike føresetnader.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid gjennom kroppsleg læring- og erfaring, arbeid med relevante didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og bevegelsesglede.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap knytt til kroppsøvingslærar- og instruktørrolla
- har grunnleggjande kunnskap om og didaktisk erfaring med å planlegge, legge til rette for, tilpasse, gjennomføre og evaluere praktisk undervising
- har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for barn og unge
Studenten:
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere praktiske økter i kroppsøving og idrett
- kan vurdere barn og unge sine føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring
- kan utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte bevegelsesaktivitetar med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon
- kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der bevegelsesglede, kritisk tenking og refleksjon er sentralt
- kan vurdere risiko og ivareta barn og unge si sikkerheit i ulike bevegelsesaktivitetar og miljø
Studenten:
- kan drøfte korleis deltaking i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet kan bidra til barn og unge sin danningsprosess
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til deltaking og tilrettelegging i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet
Det vil bli nytta varierte arbeidsfomer i undervisninga.
Det er stilt krav om aktiv deltaking.
Canvas vert nytta som læringsplattform.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Undervisningslære
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike bevegelsesmiljø i kroppsøving og idrett:
Kurs 2: Dans og bevegelse til musikk
Kurs 3: Uteaktivitet og naturferdsel
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2 og 3.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
Godkjent individuell skriftleg innlevering i kurs 1.
Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs.
Godkjente eigentreningar med framføring i kurs 2.
Godkjent arbeidskrav i kurs 3.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
200 kr.
- Idrett og kroppsøving - årsstudium
- Idrett og kroppsøving - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Kurs 1: Undervisningslære |