Semestre

IKF103 Undervisningslære

Emnekode: 
IKF103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ei grunnleggjande innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller tilretteleggar for fysisk aktivitet. 

Studenten får prøve seg på ulike aktivitetsformer og variert undervisning, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring og meistring, positiv sjølvforståing og bevegelsesglede for barn og unge med ulike føresetnader.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid gjennom kroppsleg læring- og erfaring, arbeid med relevante didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og bevegelsesglede.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten: 

  • har grunnleggjande kunnskap knytt til kroppsøvingslærar- og instruktørrolla
  • har grunnleggjande kunnskap om og didaktisk erfaring med å planlegge, legge til rette for, tilpasse, gjennomføre og evaluere praktisk undervising
  • har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for barn og unge
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere praktiske økter i kroppsøving og idrett
  • kan vurdere barn og unge sine føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring 
  • kan utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte bevegelsesaktivitetar med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon 
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der bevegelsesglede, kritisk tenking og refleksjon er sentralt 
  • kan vurdere risiko og ivareta barn og unge si sikkerheit i ulike bevegelsesaktivitetar og miljø
Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan drøfte korleis deltaking i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet kan bidra til barn og unge sin danningsprosess 
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til deltaking og tilrettelegging i kroppsøving, idrett og fysisk aktivitet 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vil bli nytta varierte arbeidsfomer i undervisninga.

Det er stilt krav om aktiv deltaking.

Canvas vert nytta som læringsplattform. 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Undervisningslære

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike bevegelsesmiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 2: Dans og bevegelse til musikk

Kurs 3: Uteaktivitet og naturferdsel 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2 og 3. 

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

  • Godkjent individuell skriftleg innlevering i kurs 1. 

  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs.  

  • Godkjente eigentreningar med framføring i kurs 2. 

  • Godkjent arbeidskrav i kurs 3.

Sensorordning
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Tore Kjetil Sørheim
Materialavgift

200 kr. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Idrett og kroppsøving - årsstudium
  • Idrett og kroppsøving - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kurs 1: Undervisningslære
Godkjent av: 
Unni Hagen