Semestre

IKF103 Undervisningslære

Emnekode: 
IKF103
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er ei grunnleggjande innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten. Undervisningslæra bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming.

Studenten får prøve seg på ulike aktivitetsformer og variert undervisning, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring og meistring, positiv sjølvforståing og rørsleglede for barn og unge med ulike føresetnader.

Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid gjennom kroppsleg læring- og erfaring, arbeid med relevante didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

 Studenten: 

  • har grunnleggjande kunnskap knytt til trenar- og kroppsøvingslærarrolla
  • har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse, gjennomføre og evaluere praktisk undervising
  • har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for ulike individ/målgrupper
  • har grunnleggjande kunnskap om omgrepet fair play og respekt for andre i tilknytning til idrett
  • har fagkunnskap og didaktisk erfaring- og kunnskap knytt til å leie instruksjon relatert til kroppsøvingsfaget
  • har kunnskap om dans til bruk i kroppsøving
  • har kunnskap om grunnleggjande skiteknikk i alpint
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere praktiske økter i kroppsøving og idrett
  • kan vurdere barn og ungdom/eleven si kroppslege utvikling og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring 
  • kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon 
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt 
  • kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø
  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon 
  • kan gi opplæring i dans og svingteknikk i alpint
Generell kompetanse

Studenten: 

  • kan drøfte på kva måte kroppsøving og organisert idrett bidreg til eleven si allmenndanning 
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving, organisert idrett, kroppsleg læring og tilrettelagt undervisning 
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning vil foregå i sal, ute, i nærmiljøet og andre eigna områder (avhengig av snøtilhøve).  

Ved digital undervisning i zoom vert det stilt krav om aktiv deltaking.

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. 

 

Emnet vil bestå av: 

Kurs 1: Undervisningslære

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:

Kurs 2: Dans 

Kurs 3: Ski 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2. 

Krav om 100 % deltaking i kurs 3.

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

  • Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 800-1300 ord 

  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs.  

  • Godkjente eigentreningar med framføring i kurs 2. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
55
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

200 kr

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Idrett og kroppsøving - årsstudium
  • Idrett og kroppsøving - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kurs 1: Undervisningslære
Maksimalt 1500 ord.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
5 Dagar
Stått eller ikkje stått
Kurs 3: Ski
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100% deltaking.
Godkjent av: 
Unni Hagen