Semestre
IKF206 Naturguiding i fjordlandskap
60 stp. friluftsliv
Studentane skal få innsikt i kva praktisk guidearbeid inneber, og med det leggje grunnlag for studium, refleksjonar og diskusjonar rundt guiderolla, guideverksemd som reiselivsprodukt, formidling av informasjon og opplevingar, og trygg guiding. Guideverksemda vil bli eksemplifisert og tematisert gjennom guida turar i fjordområde og ved kysten, og synfaringar i ulike landskapstypar. (Vi gjør oppmerksom på at undervisningsspråk kan bli engelsk fra og med 2021)
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kjennskap til og grunnleggjande kunnskapar om natur, kultur og tradisjonell naturbruk i dei kyst- og fjordlandskapa som emnet fokuserer på
- har kjennskap til ansvarsforhold og regelverk knytt til rolla som naturguide, der ein har ansvar for tryggleiken til personar og grupper
- har kunnskap om eigne og gjestar sine føresetnader for å kunne ferdast i ulike naturmiljø
- har kunnskap om værmessige forhold for å kunne planlegge og gjennomføre turar med grupper på en hensiktsmessig måte
- har kunnskap om bruk av digital teknologi knytt til planlegging og gjennomføring av naturguideprodukt
Studenten
- har innsikt i og trening i risikovurderingar og trygg ferdsel
- har innsikt i og trening i formidling av opplevingar og informasjon i guidesituasjonar
- har trening i organisering og leiing av guida turar
- kan tilretteleggje for og servere tradisjonell kost for gjestar og turistgrupper på tur
Studenten
- har innsikt i kva guidearbeid inneber i samband med reiseliv, og kan sjå grenseoppgangar mellom guiding og pedagogisk verksemd i natur
- har utvikla evna til refleksjon og skjønn og kan gjennomføre god praksis
Studiet vil veksle mellom undervisning med forelesingar, drøftingar i plenum og under seminar, gruppearbeid, undervisningsopplegg ute, eigenstudium og nettbasert læringsarbeid.
Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane ute skal gje grunnlag for drøftingar og refleksjon. Studiet føreset aktiv deltaking, der studentane også får ansvar for organisering og guideoppgåver under ulike undervisningsopplegg.
Frammøtekrav
Godkjent frammøte og aktiv deltaking i obligatorisk undervisning, inklusivt på førebuingar til, under gjennomføring av og i etterarbeid etter undervisningsopplegga ute. Semesterplanen viser omfanget av obligatorisk undervisning.
Arbeidskrav
- Gjennomført munnleg framlegging av oppgåve om landskap.
- Godkjent oppgåve knytt til tematikken trygg ferdsel, omlag 1000 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Materialavgift kr.400.
- Friluftsliv og naturguide - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 20 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |