Semestre
IKF207 Naturguiding som profesjon
60 stp friluftsliv
Gjennom førelesningar, synfaringar i ulike landskapstypar, litteraturstudium, refleksjonar og diskusjonar siktar dette emnet på å gje ei djupare innsikt i guideyrket, og ferdigheiter ein treng for å verte ein god guide.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om guiden sin plass i reiselivet og om ulike sider ved norsk reiseliv.
- har kjennskap til omgrep som m.a. «naturbasert reiseliv», «verdibasert guiding», «slow experiences» – også i ein naturfilofsofisk samanheng.
- forstår kva «naturoppleving» inneber som reiselivsprodukt.
- har kjennskap til guiden sine roller som vertskap og formidlar.
- har kunnskap om ansvarsforhold og regelverk i friluftsloven, naturmangfaldloven, produktkontrolloven, internkontrollforskriften og i plan- og bygningsloven.
- har kunnskapar om sine eigne og gjestar sine føresetnader for å kunne ferdast i ulike naturmiljø året rundt.
Studenten
- kan bruke og reflektere over naturguiden sitt kunnskapsgrunnlag og arbeidsmåtar.
Studenten
- har opparbeidd ei vidare innsikt i guideyrket sin eigenart og ferdigheiter ein treng for å arbeide som naturguide.
- kan bidra til god og ansvarleg praksis innan naturguiding.
Studiet inneber førelesingar, litteraturstudium, synfaringar, diskusjonar og seminar, der studentane også må leggje fram fagstoff.
Undervisninga føreset at studentane tek ansvar for eiga læring og utvikling.
Frammøte
Godkjent frammøte til obligatorisk undervisning. Semesterplanen viser omfanget av obligatoriske delane av studiet.
Arbeidskrav
- Levert eigenutviklingsplan (EUP).
- Gjennomført munnleg presentasjon av tema for prosjektoppgåva, som skal gjennomførast i emnet IKF 209 Prosjekt og praksis.
- Gjennomført munnleg presentasjon av oppgåve om landskap.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelorstudium i friluftsliv
- Naturguide fordjupning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. |