Semestre

IKF207 Naturguiding som profesjon

Emnekode: 
IKF207
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60 stp. friluftsliv

Om emnet

I emnet vert det lagt eit teoretisk grunnlag rundt guiderollene, guideverksemd som reiselivsprodukt og design av opplevingar. Emnet legg til rette for at studentane skal få innsikt i guideyrket og ferdigheiter dei treng for å utøve god guidepraksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om guiden sin plass i reiselivet og om ulike sider ved norsk reiseliv
  • har kjennskap til omgrep som m.a. «naturbasert reiseliv», «verdibasert guiding», «slow experiences» – også i ein naturfilofsofisk samanheng
  • har kunnskap om kva «naturoppleving» inneber som reiselivsprodukt
  • har kunnskap om guiden sine roller som vertskap og formidlar
Ferdigheiter

Studenten 

  • kan organisere og halde kontroll på gjestar med m.a. gruppepsykologi som grunnlag og med praktisering av transparent guiding som overordna tilnærming
  • kan designe gode opplevingar for gjestar der også ulike føresetnader i deltakargruppa skal ivaretakast
  • kan ved hjelp av destinasjonsforståing og god opplevingsdesign utarbeide og marknadsføre heilheitlege naturguideprodukt med kommersiell verdi
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke og reflektere over naturguiden sitt kunnskapsgrunnlag og arbeidsmåtar
  • har opparbeidd ei vidare innsikt i guideyrket sin eigenart og ferdigheiter ein treng for å arbeide som naturguide
  • kan bidra til god og ansvarleg praksis innan naturguiding
  • kan vise profesjonell oppførsel og profesjonelt nærvær
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet vekslar mellom førelesingar, litteraturstudium, diskusjonar og seminar, der studentane også må leggje fram fagstoff. 

Undervisninga føreset at studentane tek ansvar for eiga læring og utvikling. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte

Godkjent frammøte til obligatorisk undervisning. Semesterplanen viser omfanget av obligatoriske delane av studiet.

Arbeidskrav

  • Godkjent oppgåve om utøving av naturguiding som profesjon, omfang omlag 1000 ord.
Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Einar Løken
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i friluftsliv
  • Friluftsliv og naturguide - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen.
Godkjent av: 
Aud Folkestad