Semestre
IKF208 Naturguiding i vinterlandskap
Studentane skal få innsikt i guidearbeid om vinteren. Emnet har fokus på natur- og kulturelement knytt til vinterlandskapet, trygg ferdsel og tema som risikovurdering, opplevingar og haldningar. Det å unngå skredutsett terreng er eit viktig fokusområde. Delar av undervisninga skjer ute i vinterlandskap med studentaktive prosjekt og guidepraksis. Det er avsett tid til ekstern praksis og studieferd i dette emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om natur- og kulturelement knytt til vinterlandskap
- har kunnskapar om lovverk og forskrifter knytt til ferdsel, bruk av og forvaltning i verneområde, nasjonalparkar og andre område med restriksjonar i samband med reiseliv
- har kunnskapar om grunnleggjande ferdigheiter ("hard skills" og "softskills") for å virke som naturguide i vinterlandskap
- har kunnskapar om sentrale faktorar for trygg ferdsel i samband med guiding i vinterlandskap
- har kunnskap om naturbaserte guideprodukt i det norske reiselivet
Studenten
- har opparbeidd kjennskap til snødekket, vertilhøve og ulike typar snødekte landskap
- kan planlegge, organisere og gjennomføre guida turar, samt formidle informasjon om vinterlandskap og legge til rette for opplevingar
- kan utøve fagleg skjønn for trygge vegval, gode aktivitetar og gode leirplassar under vinterforhold
- har relevante ferdigheiter i redning og førstehjelp
Studenten
- har kjennskap til korleis bedrifter planlegg, markedsfører, gjennomfører og evaluerer naturbaserte guideprodukt
- kan bidra til utvikling av god og ansvarleg praksis innan naturguiding i vinterlandskap
Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, gruppearbeid, undervisningsopplegg og opphald ute og eigenstudium.
Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane vil danne grunnlag for drøfting, refleksjon og læring og føreset aktiv deltaking og medansvar.
Studentane vil få ansvar for organisering og gjennomføring av undervisningsopplegg, guideoppgåver og ferdigheitstestar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Det er obligatorisk frammøte også til førebuigar og etterarbeid knytt til undervisningsopplegg ute.
Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane i studiet. For undervisningsopplegg over fleire dagar med overnatting er det krav om 100 prosent frammøte og deltaking.
Arbeidskrav
- Gjennomført munnleg framlegging av synfaringar i vinterlandskap og observasjonar av snødekke.
- Godkjent oppgåve om ferdsel og trygge vegval i vinterlandskap, omlag 1000 ord.
- Godkjent plan for ekstern praksis/studieferd.
- Godkjent munnleg framlegging av erfaringar frå ekstern praksis/studieferd.
- Rapport etter eksempel- og praksisturar, omfang 1500 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Materialavgift kr 400.
- Bachelorstudium i friluftsliv
- Friluftsliv og naturguide - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Digital eksamen. | Alle |