Semestre

IKF208 Naturguiding i vinterlandskap

Emnekode: 
IKF208
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IKF206 Nature Guiding in Fjord Landscapes
IKF207 Nature Guiding as a Profession
Om emnet

Studentane skal få innsikt i guidearbeid om vinteren. Emnet har fokus på trygg ferdsel i vinterlandskap, og tema som risikovurdering, opplevingar og haldningar vil stå sentralt. Det å unngå skredutsett terreng er eit viktig element. Delar av undervisninga skje ute i vinterlandskap med studentaktive prosjekt og guidepraksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskapar om lovverk og forskrifter knytt til ferdsel, bruk og forvaltning i verneområde, nasjonalparkar og andre område med restriksjonar i samband med reiseliv.
  • har kunnskapar om lovverk og forskrifter i samband med tryggleik og ansvar knytt til det å vere guide for gjestar og grupper på tur i vinterlandskap.
  • har kunnskapar om skredterreng og «den menneskelege faktoren» i samband med ferdsel i vinterlandskap.
Ferdigheiter

Studenten 

  • har opparbeidd kjennskap til snødekket, vertilhøve og ulike typar snødekte landskap.
  • kan organisere og gjennomføre guida turar, samt formidle informasjon om vinterlandskap og legge til rette for opplevingar.
  • kan utøve fagleg skjønn for trygge vegval, gode aktivitetar og gode leirplassar i vinterlandskap.
  • har relevante ferdigheiter i redning og førstehjelp.
Generell kompetanse

Studenten 

  • har innsikt i tenking og faglege skjønn knytt til tryggleik og risikovurderingar under ferdsel i vinterlandskap.
  • kan bidra til god og ansvarleg praksis innan naturguiding i vinterlandskap.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, gruppearbeid, undervisningsopplegg og opphald ute og eigenstudium.

Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane vil danne grunnlag for drøfting, refleksjon og læring og føreset aktiv deltaking og medansvar.

Studentane vil få praktisk ansvar for organisering og gjennomføring av enkelte undervisningsopplegg og guideoppgåver.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Det er obligatorisk frammøte også til førebuigar og etterarbeid knytt til undervisningsopplegg ute.

Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane i studiet. For undervisningsopplegg over fleire dagar med overnatting er det krav om 100 prosent frammøte og deltaking.

Arbeidskrav

  • Aktiv deltaking under undervisningsopplegga.
  • Gjennomført munnleg framlegging av oppgåve knytt til studium av snødekke.
  • Godkjent oppgåve om vinterlandskap, ferdsel og trygge vegvalg i vinterlandskap, omlag 2500 ord.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Helga Synnevåg Løvoll
Nils Ola Skuset
Materialavgift

Materialavgift kr 400.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorstudium i friluftsliv
  • Naturguide fordjupning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen.
Godkjent av: 
Aud Folkestad