Semestre

INF131 PR og kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar

Emnekode: 
INF131
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er sett saman av ein teoridel med praktiske øvingar. Teoridelen gir ei innføring i grunnleggande kommunikasjonsteori og ein introduksjon til PR og strategisk kommunikasjon. Målet er å vise korleis dei ulike teoretiske perspektiva aukar vår forståing av kommunikasjonsflyten både innanfor den profesjonelle organisasjonen og mellom organisasjonen og samfunnet elles.

I dei praktiske øvingane får studentane trening i redigeringsverkty og arbeid med sosiale medium, tekst, foto, video, m.m.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggande kunnskap om faglege perspektiv som ligg til grunn for vår forståing av omgrepa PR og kommunikasjon
  • har kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt og eksternt
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan reflektere kritisk rundt faglege perspektiv
  • har oversikt over relevante arbeidsmetoder og redigeringsverkty
  • har grunnleggande skriveferdigheiter knytt til aktuelle tekstsjangrar det er gjeve undervising i
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har oversikt i historisk utvikling av, og grunnleggande teori i public relations (PR) og strategisk kommunikasjon
  • kan nytte den teoretiske kunnskapen i praktiske kommunikasjonstiltak
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, gruppearbeid og praktisk prosjektarbeid. Det er obligatorisk deltaking i alle praktiske øvingar og gjesteførelesingar. Deltaking på førelesingar er i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Godkjent deltaking og godkjende innleveringar i dei praktiske øvingane i emnet
  • Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Jens Standal Groven
Linda Halse Digernes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00.
Omfang av innlevert heimeeksamen er ca. 3000 ord (ekskl. tittelblad, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg).
Godkjent av: 
Kate Kartveit