Semestre
INF131 PR og kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar
Ingen.
Emnet er sett saman av ein teoridel med praktiske øvingar. Teoridelen gir ei innføring i grunnleggande kommunikasjonsteori og ein introduksjon til PR og strategisk kommunikasjon. Målet er å vise korleis dei ulike teoretiske perspektiva aukar vår forståing av kommunikasjonsflyten både innanfor den profesjonelle organisasjonen og mellom organisasjonen og samfunnet elles.
I dei praktiske øvingane får studentane trening i redigeringsverkty og arbeid med sosiale medium, tekst, foto, video, m.m.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har grunnleggande kunnskap om faglege perspektiv som ligg til grunn for vår forståing av omgrepa PR og kommunikasjon
- har kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt og eksternt
Kandidaten
- kan reflektere kritisk rundt faglege perspektiv
- har oversikt over relevante arbeidsmetoder og redigeringsverkty
- har grunnleggande skriveferdigheiter knytt til aktuelle tekstsjangrar det er gjeve undervising i
Kandidaten
- har oversikt i historisk utvikling av, og grunnleggande teori i public relations (PR) og strategisk kommunikasjon
- kan nytte den teoretiske kunnskapen i praktiske kommunikasjonstiltak
Førelesingar, gruppearbeid og praktisk prosjektarbeid. Det er obligatorisk deltaking i alle praktiske øvingar og gjesteførelesingar. Deltaking på førelesingar er i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Godkjent deltaking og godkjende innleveringar i dei praktiske øvingane i emnet
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00. | Omfang av innlevert heimeeksamen er ca. 3000 ord (ekskl. tittelblad, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg). |