Semestre
INF131 PR og kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar
Ingen.
Innføringsemnet PR og kommunikasjon 1 er sett saman av ein teoridel med praktiske øvingar gjennom heile semesteret. Teoridelen gir ei innføring i grunnleggande kommunikasjonsteori og ein introduksjon til PR og strategisk kommunikasjon. Målet er å vise korleis dei ulike teoretiske perspektiva aukar vår forståing av kommunikasjonsflyten både innanfor den profesjonelle organisasjonen og mellom organisasjonen og samfunnet elles.
I dei praktiske øvingane får studentane arbeide med program frå Adobe Creative Cloud, sosiale medium, tekst, foto, video, m.m.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal
- etter fullført emne ha grunnleggande kunnskap om dei teoretiske perspektiva som ligg til grunn for vår forståing av omgrepa PR og kommunikasjon
- ha kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt og eksternt
Kandidaten skal
- kunne reflektere kritisk rundt dei ulike teoretiske perspektiva
- ha oversikt over dei vanlegaste verktya i Adobe
- ha grunnleggande skriveferdigheiter knytt til aktuelle tekstsjangrar det er gjeve undervising i
Kandidaten skal:
- ha oversikt i grunnleggande kommunikasjonsteori, PR, strategisk kommunikasjon
- kunne nytte desse i praktiske kommunikasjonstiltak
Førelesingar, gruppearbeid og praktisk prosjektarbeid. Det er obligatorisk deltaking i alle prosjektøvingar og gjesteførelesingar. Deltaking på førelesingar er i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6
- Godkjend deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet
- Praktiske oppgåver frå Adobe-opplæring, foto/videokurs, skrivekurs og eventuelle oppdrag frå interne eller eksterne oppdrag skal vere dokumenterte i mappe i form av sluttrapport og eventuelt logg
- Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00. | Omfang av innlevert hjemmeeksamen er ca 3000 ord (eksl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg). |