Semestre
IPA171 Grunnleggande innføring i leiing
Ingen.
Emnet er todelt. Første del gir ei grunnleggande innføring i sentrale spørsmål knytt til leiing av medarbeidarar med fokus på kommunikasjon, motivering, samhandling, leiarroller og konflikthandtering. I andre del er søkelyset retta mot medarbeidarskap, sjølvleiing, førebygging av konfliktar og utvikling av velfungerande arbeidsgrupper.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om og forståing av grunnleggande tema og problemstillingar knytt til leiing og til leiarar sin situasjon i verksemder.
Studenten har ferdigheiter til å reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar knytt til leiing av medarbeidarar og kritisk kunne vurdere rolla som leiar.
Studenten kan vurdere praktiske problemstillingar ein møter som leiar ut frå ulike synsvinklar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike handlingsalternativ.
Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. Når tilbodet vert gitt til studentar på Bachelor i planlegging og administrasjon er undervisinga samla på eit semester.
Arbeidskrava må vere godkjende for å gå opp til eksamen
- To individuelle heimeoppgåver med tildelt problemstilling. Kvar av oppgåvene har eit omfang på 1000 ord +/- 10 % (utan framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg). Det blir gitt tilbod om rettleiing.
- Ei individuell semesteroppgåve over sjølvvalt problemstilling knytt til ei praktisk problemstilling frå eiga verksemd eller med utgangspunkt i aktuelle tema frå pensum. Tema og problemstilling skal godkjennast av faglærar. Oppgåva skal ha eit omfang på 5000 ord +/- 10 %. Det blir gitt tilbod om rettleiing.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Mappe som inneheld dei to individuelle heimeoppgåvene og den individuelle semesteroppgåva (sjå arbeidskrav). | ||
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Digital eksamen. |