Semestre

IPA171 Grunnleggande innføring i leiing

Emnekode: 
IPA171
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet er todelt. Første del gir ei grunnleggande innføring i sentrale spørsmål som gjeld leiing av medarbeidarar med fokus på kommunikasjon, motivering, samhandling, leiarroller og konflikthandtering. I andre del er søkelyset retta mot medarbeidarskap, sjølvleiing, førebygging av konfliktar og utvikling av velfungerande arbeidsgrupper.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om og forståing av grunnleggande tema og problemstillingar knytt til leiing og til leiarar sin situasjon i verksemder.

Ferdigheiter

Studenten skal

  • ha ferdigheiter til å reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar knytt til leiing av medarbeidarar 
  • kritisk kunne vurdere rolla som leiar.
Generell kompetanse

Studenten skal kunne vurdere praktiske problemstillingar, som ein møter som leiar, ut frå ulike synsvinklar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike handlingsalternativ.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i  Canvas, der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. Når tilbodet vert gitt til studentar på Bachelor i planlegging og administrasjon er undervisinga samla i eitt semester.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrava må vere godkjende for å gå opp til eksamen

  • To individuelle heimeoppgåver med tildelt tema. Kvar av oppgåvene har eit omfang på 3000 ord +/- 10 % (utan framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg). Det blir gitt tilbod om rettleiing.
  • Ei individuell heimeoppgåve med valfritt tema, eller ha minimum 80 % frammøte til den undervisninga som står på planen. Problemstilling for oppgåva skal godkjennast av faglærar. Oppgåva skal ha eit omfang på 3000 ord +/- 10 % (utan framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg). Det blir gitt tilbod om rettleiing.
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Magnar Hjertenæs
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Randi Bergem 21.02.2020