Semestre

IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling

Emnekode: 
IPA202
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Forkunnskapskrav, emneliste
IPA111 Samfunnskunnskap
IPA112 Forvaltningskunnskap
IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode
Om emnet

Emnet Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling legg vekt på å gi deg innsikt i korleis lokalsamfunna våre vert endra og kva verktøy som kan nyttast for å påverke og styre utviklinga i ei berekraftig retning. Ein ser på kva rolle institusjonar, næringsliv og organisasjonar har for å skape gode samfunn å leve i. 

I arbeidet med lokalsamfunnsplanlegging møter ein stadig på nye utfordringar. Ein viktig årsak til dette, er endringar i ytre vilkår som ein ikkje kan styre og ha kontroll over. Desse påverkar handlingsrom, og gjer at ein heile tida må vere på jakt etter betre og meir effektive måtar å løyse utfordringane i samfunnet på.

Arbeid med samfunnsplanlegging krev innsikt i prosessane som ligg til grunn for utvikinga av samfunnet. Det inneber også at ein må kunne meistre ulike strategiar og framgangsmåtar å drive planlegging på, som kan involvere ulike aktørar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Målet med emnet er å stimulere til heilskapstenking og ei djupare forståing av planlegging som verktøy for utvikling av samfunnet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha forståing for dei kulturelle, sosiale, økonomiske og miljømessige endringsprosessane i samfunnet
  • vere i stand til å forstå og forklare sentrale modellar og omgrep innan planleggingsteori
  • ha forståing for korleis samspelet mellom ulike faglege disiplinar og mellom offentleg, privat  og frivillig sektor fungerer i samband med planlegging
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • utarbeide eit plan- og evalueringssystem og gjere greie for kva for teoriar og metodar som eignar seg i dei ulike delane av systemet
  • planlegge og gjennomføre prosessar i lag med andre og ha ei kritisk haldning til dei metodane og strategiane som vert nytta
  • legge fram resultat frå prosjektarbeid for eit publikum
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere fagleg rundt sentrale utfordringar i lokalsamfunnsutviklinga
  • gjere bruk av teoriar og verktøy i samfunnsplanlegging, og reflektere kring bruken av desse på ein kritisk måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga kan vere lagt opp med kombinasjonar av forelesingar, nettleksjonar, seminar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert og legg opp til at studentane deltek aktivt.

Dersom det det obligatoriske tverrfaglege arbeidet vert gjennomført digitalt (t.d. via Zoom), vert det stilt krav om at kamera og lyd skal vere på under metodeundervisninga og i førebuingane til prosjektarbeidet. Dette for å sikre at studenten er orientert om fagleg og praktisk innhald i prosjektarbeidet. Like eins vert det stilt krav om at kamera og lyd skal vere på under gruppearbeid for å sikre at studenten bidreg aktivt i diskusjonar og framstilling av prosjektrapport.  Til sist vert det stilt krav om at kamera og lyd skal vere på når prosjektrapporten skal leggast fram i plenum. Dette i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt. Behovet må grunngjevast.

Undervisinga kombinerer førelesingar, gruppearbeid og individuelle arbeidsoppgåver/praktiske øvingar.  Emnet har også eit obligatorisk tverrfagleg arbeid, der studenten gjennomfører eit prosjektarbeid i lag med medstudentar. I særskilde høve kan det gjerast avtale om alternativt opplegg.

Studentar får tilgang til eit elektronisk klasserom (i Canvas), der undervisningsopplegg, førelesingsnotat, oppgåver o.l. vert lagt ut. Studentane skal skrive ei individuell heimeoppgåve, og får tilbod om rettleiing. Heimeoppgåva er eit eksamensarbeid som vert vurdert og karaktersett.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80 % frammøte til den undervisninga som står på planen. Gjennomføring av pensumprøva er lagt til slutten av semesteret.

Godkjent tverrfagleg prosjektarbeid med felles prosjektpresentasjon.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Grethe Mattland Olsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir gitt ein førebels karakter på heimeoppgåva.
Heimeoppgåve på omlag 3000 ord, vedlegg ikkje medrekna, med tema og problemstilling godkjend av faglærar.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022