Semestre

IPA209 Juridiske emne

Emnekode: 
IPA209
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IPA112 Forvaltningskunnskap
Om emnet

I arbeidet med offentlege eller privatrettslege forvaltningsoppgåver møter ein aktørar og saker som reiser ulike rettslege problemstillingar. Desse rettslege problemstillingane kan skape utfordringar for både den som skal behandle saka, for gjeldande organ eller institusjon, og ikkje minst for berørte borgarar. Dette emnet vil gi opplæring i handtering av dei rettslege sidene ved nokre av desse problemstillingane innanfor rettsområda forvaltningsrett og planrett.

Emnet tek føre seg tre tematikkar: 

  • Forvaltningsretten gir studentane ei fordjuping i rettsmiddelomgangen i forvaltningsprosessen (klage og omgjering). Sentrale problemstillingar vil vere klagekompetanse og klagegjenstand, materielle og prosessuelle reglar som gjeld handsaming av klager.
  • Naturressurs- og miljørett gir ei innføring i rettreglane som gjeld utfordringar for naturmiljøet og uttak og bruk av naturressursar.
  • Planretten har fokus på rettsreglar for statleg og kommunal planlegging. 
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha kjennskap til juridisk metode
  • ha grundig kjennskap til rettsreglane for klage over forvaltningsvedtak og omgjering av vedtak utanfor klagesak
  • kunne gjere greie for dei miljørettslege prinsippa i arealforvaltninga
  • ha kjennskap til rettsreglane for kommunal og statleg styring i plansaker
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • identifisere rettslege problemstillingar som er relevant for emnet 
  • tolke og bruke lovreglar på konkrete problemstillingar 
  • framstille innhaldet i sentrale rettsreglar for andre
Generell kompetanse

Studenten skal

  • utføre juridiske analysar og ta standpunkt til rettsspørsmåla basert på analysen
  • argumentere for og presentere eigne juridiske vurderingar og konklusjonar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir lagt opp til tradisjonell undervisning i form av førelesingar og seminar. E-læringsverktøyet Canvas blir brukt som støtte til undervisninga. 

Forkunnskapar i juridisk metode og forvaltningsrett tilsvarande første året i bachelorgraden er ein føresetnad for at studenten skal kunne ha godt fagleg utbytte av undervisning og rettleiing i dette emnet.  

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ingvild Sande Lillebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Relevant lovtekst
Godkjent av: 
Randi Bergem 24.02.2023