Semestre

IPA209 Juridiske emne

Emnekode: 
IPA209
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IPA111 Samfunnskunnskap
IPA112 Forvaltningskunnskap
Krav til forkunnskapar

I tillegg skal studenten ha fullført 60 studiepoeng med valfrie emne.

I tillegg skal studenten ha fullført arbeidskrav i IPA 202 Lokalsamfunnsplanleggin og utvikling og IPA 213 The European Union and Regional development: theories and practice.

Om emnet

I arbeidet med offentlege eller privatrettslege forvaltningsoppgåver møter ein aktørar og saker som reiser ulike rettslege problemstillingar. Desse rettslege problemstillingane kan skape utfordringar for både den som skal behandle saka, for gjeldande organ eller institusjon, og ikkje minst for berørte borgarar. Dette emnet vil gi opplæring i handtering av dei rettslege sidene ved nokre av desse problemstillingane innanfor rettsområda forvaltningsrett og planrett.

Emnet har tre fordjupingsområde;

  • Forvaltningsretten gir studentane ei fordjuping i rettsmiddelomgangen i forvaltningsprosessen (klage og omgjering). Sentrale problemstillingar vil vere klagekompetanse og klagegjenstand, samt materielle og prosessuelle reglar knytt til handsaming av klager, og spørsmål om omgjering av vedtak.
  • Naturressurs- og miljørett vil ha ei fordjuping i rettreglane knytt til utfordringar for naturmiljøet og uttak og bruk av naturressursar.
  • Planretten har fokus på rettsreglar for statleg og kommunal planlegging. Sentrale emne vil vere korleis dei ulike planorgana skal opptre i samband med utarbeiding av ulike planvedtak (statlege, kommunale og private), konsekvensutgreiingar og verknadane for ulike grunneigarar av ulike typer planvedtak.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap og forståing for ulike rettslege problemstillingar innanfor fagområda forvaltningsrett, naturressurs - og miljørett, og planrett.

Ferdigheiter

Studenten

  • skal ha ferdigheiter når det gjeld å finne, vurdere og henvise til informasjon og relevant fagstoff 
  • skal kunne analysere ulike problemstillingar innanfor dei rettsområda som inngår i emnet, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • utføre saksbehandling
  • formidle sentralt sentalt fagstoff i form av teoriar
  • drøfte sentrale juridiske problemstillingar munnleg og skriftleg.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det blir lagt opp til tradisjonell undervisning i form av førelesingar og seminar. E-læringsverktøyet Canvas blir bruk som støtte til undervisninga. 

Forkunnskaper i juridisk metode og forvaltningsrett tilsvarande 1. året i bachelorgraden er ein føresetnad for at studenten skal kunne ha godt fagleg utbytte av undervisning og rettleiimng i dette emnet.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Bernt Olav Øvregaard
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Digital eksamen med egen bærbar datamaskin
Alle skriftlige hjelpemidler på papir
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.02.18