Semestre
IPA209 Juridiske emne
Bestått eksamen i IPA111 og bestått arbeidskrav i IPA112, eller bestått eksamen i IPA112 og bestått arbeidskrav i IPA111.
I arbeidet med offentlege eller privatrettslege forvaltningsoppgåver møter ein aktørar og saker som reiser ulike rettslege problemstillingar. Desse rettslege problemstillingane kan skape utfordringar for både den som skal behandle saka, for gjeldande organ eller institusjon, og ikkje minst for berørte borgarar. Dette emnet vil gi opplæring i handtering av dei rettslege sidene ved nokre av desse problemstillingane innanfor rettsområda forvaltningsrett og planrett.
Emnet har tre fordjupingsområde;
- Forvaltningsretten gir studentane ei fordjuping i rettsmiddelomgangen i forvaltningsprosessen (klage og omgjering). Sentrale problemstillingar vil vere klagekompetanse og klagegjenstand, materielle og prosessuelle reglar som gjeld handsaming av klager, og spørsmål om omgjering av vedtak.
- Naturressurs- og miljørett vil ha ei fordjuping i rettreglane som gjeld utfordringar for naturmiljøet og uttak og bruk av naturressursar.
- Planretten har fokus på rettsreglar for statleg og kommunal planlegging. Sentrale emne vil vere korleis dei ulike planorgana skal opptre i samband med utarbeiding av ulike planvedtak (statlege, kommunale og private), konsekvensutgreiingar og verknadane for ulike grunneigarar av ulike typer planvedtak.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kjennskap til juridisk metode
- ha grundig kjennskap til rettsreglane for klage over forvaltningsvedtak og omgjering av vedtak utanfor klagesak
- kunne gjere greie for dei miljørettslege prinsippa i arealforvaltninga
- ha kjennskap til rettsreglane for kommunal og statleg styring i plansaker, og gjere greie for dei sentrale rettsreglane om forvaltning av areal og ressursar.
Studenten skal kunne
- identifisere og systematisere rettslege problemstillingar innan forvaltningsretten, miljøretten og planretten
- tolke og bruke lovreglar på konkrete problemstillingar innanfor dei tre fordjupningsområda
- framstille innhaldet i sentrale rettsreglar for andre
- gjere vektingar mellom dei ulike omsyna i forvaltningsretten og planretten, inkludert bruk og vern av areal og i saksbehandlinga.
Studenten skal
- utføre juridiske analysar og ta standpunkt til rettsspørsmåla basert på analysen
- argumentere for og presentere eigne juridiske vurderingar og konklusjonar
- kunne samarbeide om og drøfte juridiske analysar med medstudentar
- identifisere etiske problemstillingar relatert til dei tre fordjupningsområda i emnet
Det blir lagt opp til tradisjonell undervisning i form av førelesingar og seminar. E-læringsverktøyet Canvas blir bruk som støtte til undervisninga.
Forkunnskapar i juridisk metode og forvaltningsrett tilsvarande første året i bachelorgraden er ein føresetnad for at studenten skal kunne ha godt fagleg utbytte av undervisning og rettleiing i dette emnet.
I løpet av semesteret skal studenten levere til rettleiing to arbeidskrav, som gir vurderingsgrunnlaget for mappeeksamen. Studentane skal saman med arbeidskrava reflektere over eiga utvikling innan juridisk metode.
For å få gå opp til eksamen må tre arbeidskrav vere leverte til rettleiing i løpet av semesteret.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | To arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen. |