Semestre
IPA274 Arealplanlegging og GIS 2
IPA173 eller tilsvarande og til saman minimum 30 studiepoeng.
Emnet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS og bygger på innføringsemnet IPA173.
Emnet skal gje ei forståing for planlegginga si rolle i samfunnsutviklinga som del av det offentleg forvaltingsapparatet. Konkrete arealplanprosessar vert lagt til grunn for undervisninga. Sentrale tema er GIS som verktøy for analyse, avgjerdstøtte og medverknad i planlegging samt plankonstruksjon. Metodikk for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse vert diskutert. Emnet er ein god basis for dei som skal arbeide i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
kunne presentere og skilje mellom ulike former for medverknad i planlegging
kunne vise forståing for planlegginga si rolle i samfunnsutviklinga
kunne vise forståing for konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) sin funksjon i planlegging
ha kritisk kunnskap om GIS som avgjerdsstøtte
kunne reflektere over bruk av GIS som kommunikasjonsverktøy i planleggingsprosessen
ha inngåande kunnskap om GIS i eit medverknadsperspektiv
Studenten skal
kunne utarbeide eit medverknadsopplegg for ein planprosess og presentere dette i eit planprogram
kunne utarbeide ei enkel konsekvensutgreiing (KU)
kunne gjennomføre GIS-analyser og enkel plankonstruksjon
kritisk kunne reflektere over GIS som avgjerdsstøtte i planprosessar
ha øving i samarbeid om praktiske arealplanoppgåver
Studenten skal kunne gjennomføre grunnleggande oppgåver innanfor arealplanlegging etter plan- og bygningsloven
Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar, vert det gitt rettleiing i samband med øvingar, utarbeiding av arbeidskrav og semesteroppgåve.
Arbeidskrav:
To arbeidskrav må vere godkjent for å få gå opp til eksamen. Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid, og ein tekst på omlag 1200 ord +/- 10%. Arbeidskrava skal løysast i gruppe.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Semesteroppgåve over oppgitt tema. Oppgåva skal bestå av kart og ei tekstutgreiing på om lag 2000-2500 ord. |