Semestre

IPA274 Arealplanlegging og GIS 2

Emnekode: 
IPA274
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

IPA173 eller tilsvarande + 15 stp valfritt emne på grunnivå

Om emnet

Emnet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS og bygger på innføringsemnet IPA173.   

Sentrale tema er GIS som verktøy for analyse og avgjerdstøtte i planlegging. Emnet skal gje ei forståing for samfunssikkerheit i planlegging. Metodikk for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse vert særleg diskutert. Emnet er ein god basis for dei som skal arbeide i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha 

  • kunnskap om konsekvensutgreiing (KU) og risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) sin funksjon i planlegging  

  • kunnskap om kritisk bruk av GIS som avgjerdsstøtte  

  • kunnskap om GIS som kommunikasjonsverktøy i planleggingsprosessen  

Ferdigheiter

Studenten skal

  •  Kunne utarbeide enkel risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) og enkel konsekvensutgreiing (KU) 

  • Kunne sjølvstendig hente inn geografiske data og gjennomføre utvalde GIS-analyser  

  • Kunne kritisk reflektere over GIS som avgjerdsstøtte i planprosessar  

  • ha øving i samarbeid om praktiske arealplanoppgåver  

Generell kompetanse

Studenten skal kunne gjennomføre grunnleggande oppgåver innanfor arealplanlegging etter plan- og bygningsloven

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar, vert det gitt rettleiing i samband med øvingar, utarbeiding av arbeidskrav og semesteroppgåve.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

 To  arbeidskrav må vere godkjent for å få gå opp til eksamen. Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid, og ein tekst på omlag 1200 ord +/- 10%. Arbeidskrava skal fortrinnsvis løysast i gruppe.

 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Kjersti Straume
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Semesteroppgåve. Oppgåva skal bestå av kart og ei tekstutgreiing på om lag 2000-2500 ord.
Godkjent av: 
Randi Bergem 03.03.2022