Semestre
IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon
I IPA 303 blir moderniseringa av offentleg sektor sett i lys av fleire faglege perspektiv og nyare forsking. Dette med sikte på å gjere studentane til reflekterte leiarar med kompetanse til tolke og analysere eigen situasjon og evne til kritisk og konstruktiv vurdering av ulike modellar og oppskrifter for organisering, leiing og kommunikasjon. Dei ulike perspektiva blir nytta til å drøfte samfunnsstyring, demokratiteori, leiingsteori, kommunikasjonsteori, organisasjonsteori, organisasjonsutvikling, modernisering av offentleg sektor og utforming av leiingsfunksjonen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
- avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg leiing og kommunikasjon
- avansert kunnskap om ulike modellar og oppskrifter for offentleg leiing og kommunikasjon
Studenten skal ha ferdigheiter til å
- forstå utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
- kunne anvende teoriar om offentlege organisasjonar på ein praktisk og kreativ måte
- kunne vurdere ulike modellar for leiing og kommunikasjon i offentleg sektor
- forstå leiing og kommunikasjon i offentleg sektor som dynamiske og kommunikative prosessar
- kritisk kunne vurdere si eiga rolle som leiar
Studenten skal sjølvstendig og kritisk kunne
- vurdere ulike teoriar og modellar for offentleg leiing og kommunikasjon
- reflektere over rolla som leiar
Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar med mandag som studiedag (førebuing, rettleiing, kollokvium m.m.) og med organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag. I tillegg kjem ei repetisjonssamling på to dagar.
- Samling 1: Veke 2
- Samling 2: Veke 7
- Samling 3: Veke 13
Samling 1: Utfordringar for og teoriar om offentleg sektor
På denne samlinga vert det lagt vekt på teori om demokrati, politisk organisering, politiske prosessar, modernisering, kommunikasjon, iverksetting av offentleg politikk, kva rolle offentleg verksemd har i samfunnet, samt kva verknader ulike organisasjonsformer har for oppgåveløysinga og for brukarane.
Samling 2: Organisasjonsteoriar og leiingsteoriar
På denne samlinga vert det lagt vekt på klassiske og nyare teoriar om organisasjonar og leiing.
Samling 3: Reformer , organisasjonsutvikling og avgjerdsmodellar
På denne samlinga vert det lagt vekt på teoriar og metodar for organisasjonsutvikling, trendar innan organisasjonsutvikling, samt modernisering av offentleg sektor. Avgjerder knytt til reformer blir tematisert.
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum og andre studentaktive læringsformer. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane.
Studentane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre.
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive undervisningsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen blir dette gjort gjennom at studentane aktivt deltek gjennom gruppearbeid og drøftingar i plenum. Med omsyn til vurderingsform blir læringsutbytte ivaretatt gjennom skriving av heimeoppgåva der den enkelte student tar i mot rettleiing frå fagperson, og gjennom ein kortare heimeeksamen der studenten skal demonstrere faglig innsikt innanfor eit avgrensa tidsrom. Oppgåvene er utforma slik at sentrale teoriar, omgrep og modellar i emnet skal nyttast til å forklare eller forstå praksis dokumentert gjennom forsking, utgreiingar og eksempel. Vurderinga legg vekt på i kva grad studenten knyter saman teori og praksis i ei sjølvstendig og fagleg kritiske drøfting. Det er utarbeidd eigna rettleiing til studentane og sensorane om vurderingsforma, eksamenselementa og vektlegginga ved sensur.
Eksamen består av ei heimeoppgåve og ein heimeeksamen. Det er eit arbeidskrav at kvar student skal levere eit utkast til heimeoppgåva seinast søndagen i den andre samlingsveka. Utkastet skal innehalde ein disposisjon, ei innleiing med tolking og avgrensing av oppgåva, og ein presentasjon av aktuelle teoriar/modellar/omgrep. Utkastet skal vere på ca 1500 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Helse- og sosialfag - master (deltid)
- Media Practices - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren. | ||
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Oppgåveteksten blir gitt kl 09:00 fyrste eksamensdag, med innlevering kl 14:00 tredje eksamensdag. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for oppgåva. | Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren. |
Oppgåva skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel som skal synleggjere at kandidaten kjenner og kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein systematisk og vitskapleg måte.