Semestre
IPA303 Offentleg organisering og leiing
Ingen.
I emnet IPA 303 blir organisering og leiing i offentleg sektor sett i lys av fleire faglege perspektiv og nyare forsking. Siktemålet er å bidra til å utdanne reflekterte leiarar med kompetanse til å tolke og analysere eigen situasjon, og ha evne til kritisk og konstruktiv vurdering av ulike modellar for og tilnærmingar til organisering og leiing. Dei ulike perspektiva blir nytta til å drøfte samfunnsstyring, demokratiteori, leiingsteori, organisasjonsteori, organisasjonsutvikling, modernisering i offentleg sektor og utforming av leiingsfunksjonen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
- avansert kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg organisering og leiing
- avansert kunnskap om ulike modellar for og tilnærmingar til offentleg organisering og leiing
Studenten skal ha ferdigheiter til å
- forstå utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor
- kunne anvende teoriar om offentlege organisasjonar på ein praktisk og kreativ måte
- kunne vurdere ulike modellar for organisering og leiing i offentleg sektor
- forstå organisering og leiing i offentleg sektor som dynamiske og kommunikative prosessar
- kritisk kunne vurdere eiga rolle som leiar
Studenten skal sjølvstendig og kritisk kunne
- vurdere ulike teoriar og modellar for offentleg organisering og leiing
- reflektere over rolla som leiar
Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar. Repetisjon til eksamen vil skje digitalt.
Samling 1: Utfordringar for og teoriar om offentleg sektor:
På denne samlinga vert det lagt vekt på teori om demokrati, styreformer, politisk organisering, politiske prosessar, iverksetting av offentleg politikk, kva rolle offentleg verksemd har i samfunnet.
Samling 2: Organisasjonsteoriar og leiingsteoriar
På denne samlinga vert det lagt vekt på klassiske og nyare teoriar om organisasjonar og leiing.
Samling 3: Modernisering, reformer og organisasjonsutvikling i offentleg sektor
På denne samlinga vert det lagt vekt på teoriar og metodar for organisasjonsutvikling, trendar innan organisasjonsutvikling, og modernisering og reformer i offentleg sektor. Avgjerder knytte til reformer blir tematisert.
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum og andre studentaktive læringsformer. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Undervisninga skjer i klasserom ved oppmøte ved Høgskolen i Volda. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane.
Studentane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas), der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg for nedlasting, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med lærarar og med kvarandre. IPA 303 baserer seg i utstrekt grad på dialogbaserte og studentaktive læringsformer.
Læringsutbyte blir ivaretatt gjennom studentaktive undervisningsformer og vurderingsformer, som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen blir dette gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Når det gjeld vurderingsformer blir læringsutbyte ivaretatt gjennom skriving av prosjektplan til masteroppgåva, der den enkelte student får rettleiing av faglærar, og gjennom ein kortare heimeeksamen, der studenten skal demonstrere fagleg innsikt innanfor eit avgrensa tidsrom. Oppgåvene er utforma slik at sentrale teoriar, omgrep og modellar i emnet skal nyttast til å forklare eller forstå praksis dokumentert gjennom forsking, utgreiingar og eksempel. Vurderinga legg vekt på i kva grad og korleis studenten knyter saman teori og praksis i ei sjølvstendig og fagleg kritiske drøfting. Det er utarbeidd eigna rettleiing til studentane og sensorane om vurderingsforma, eksamenselementa og vektlegginga ved sensur.
Det er eitt arbeidskrav i IPA 303, som er i to variantar:
Variant 1: For studentar på Master i samfunnsplanlegging og leiing
Utkast til prosjektplan for masteroppgåva.
Formål
Formålet med denne varianten av arbeidskravet er at studentane tidleg skal kome i gang med idear til tema for masteroppgåva.
- Under samling 1 er det satt av tid for at studentane kan kome med foreløpige idear til tema for eiga masteroppgåve
- Under samling 3 skal studentane legge fram utkast til tema for masteroppgåva for medstudentane i form av ein førebudd presentasjon
- Etter samling 3 lastar studentane opp utkast til prosjektplan i Canvas. Utkastet skal vere på om lag 1500 ord
- Faglærar gir rettleiing på utkastet
Variant 2: For studenter som har opptak som enkeltemnestudent
- Ein skal skrive eit notat som inneheld ei problemstilling som har relevans for IPA 303
- Under samling 3 skal studentane legge fram utkast til tema for notatet for medstudentane i form av ein førebudd presentasjon
- Etter samling 3 lastar studentane opp notatet i Canvas. Utkastet skal vere på om lag 1500 ord.
- Faglærar gir rettleiing på utkastet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Helse- og sosialfag - master (deltid)
- Media Practices - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Oppgåveteksten blir gitt kl 09:00 fyrste eksamensdag, med innlevering kl 14:00 tredje eksamensdag. Heimeeksamenen skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kunnskapen utvikla gjennom kurset i ein intensiv arbeidssituasjon. Heimeeksamen skal formast som ein vitskapleg tidsskriftartikkel med tilsvarande krav som for oppgåva. | Fagleg artikkel på 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, figurar, tabellar og kjeldeliste. Standard framside tel ikkje med, og innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg i denne sjangeren. |