Semestre
JOA205 Journalistikk 5 for avis
Dette emnet skal gi studentane praktisk røynsle frå medieredaksjonar og omfattar praksisførebuande seminar, ekstern praksis og eksamensproduksjon. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har kunnskap om redakjsonelt arbeid i nyheitsredaksjon
- kan fylle reporterrollen i ein etablert redaksjon
- kan bruke journalistisk teori og metode til å lage ein journalistisk produksjon og til å reflektere rundt eige arbeid
- kan utvikle, planlegge og gjennomføre journalistiske prosjekt
- kan produsere sjølvstendige journalistiske arbeid
- skal kunne arbeide sjølvstendig
- skal kunne samarbeide med andre i ein redaksjon
- skal kunne reflektere kritisk rundt eige arbeid
Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og 10 vekers ekstern redaksjonell praksis.
For å kunne gå opp til avsluttande eksamen må studenten ha gjennomført ekstern praksis og fått godkjent praksisrapporten. Praksisrapporten skal vere på om lag 1500 ord og leverast saman med logg til emneansvarleg innan gitt frist.
I praksisrapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden.
Emnet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Metoderapport på om lag 3000-5000 ord. | ||||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg justerande eksamen er drøfting av eksamensproduksjon, metoderapport og pensum. |
Pensum er spesialiseringspensum og elles pensum frå kursa i journalistikk. Det vert gitt ein førebels karakter. Mappa skal leverast i to eksemplar til Sørvistorget innan fristen.