Semestre

JOA205 Journalistikk 5 for avis

Emnekode: 
JOA205
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU102 Journalistikk 2
JOA203 Journalistikk 3 for avis
Om emnet

Dette emnet skal gi studentane praktisk røynsle frå medieredaksjonar og omfattar praksisførebuande seminar, ekstern praksis og eksamensproduksjon. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • har kunnskap om redakjsonelt arbeid i nyheitsredaksjon
Ferdigheiter
  • kan fylle reporterrollen i ein etablert redaksjon
  • kan bruke journalistisk teori og metode til å lage ein journalistisk produksjon og til å reflektere rundt eige arbeid
  • kan utvikle, planlegge og gjennomføre journalistiske prosjekt
  • kan produsere sjølvstendige journalistiske arbeid
Generell kompetanse
  • skal kunne arbeide sjølvstendig 
  • skal kunne samarbeide med andre i ein redaksjon
  • skal kunne reflektere kritisk rundt eige arbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og ti vekers ekstern redaksjonell praksis.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til avsluttande eksamen må studenten ha gjennomført ekstern praksis og fått godkjent praksisrapporten. Praksisrapporten skal vere på om lag 1500 ord og leverast saman med logg til emneansvarleg innan gitt frist.

I praksisrapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Tormod Utne
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde ein eksamensproduksjon innanfor valt spesialisering og ein metoderapport. Eksamensproduksjon kan til dømes vere stoff frå ekstern praksis. Arbeidet med eksamensproduksjonen skal drøftast i metoderapporten og ha studenten si vurdering av produksjonen.
Pensum er spesialiseringspensum og elles pensum frå kursa i journalistikk. Det vert gitt ein førebels karakter. Mappa skal leverast innan gitt frist. Fristen går fram av eksamensplanen.
Metoderapport på om lag 3000-5000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen er drøfting av eksamensproduksjon, metoderapport og pensum.
Godkjent av: 
Tormod Utne