Semestre
JON111 Praksis i nettavis
Det avgrensa tal plassar på dette emnet. Søknad om deltaking på emnet skal gjerast i undervisningsopptaket som vert gjennomført i november. Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til studiet vere avgjerande for rangeringa.
Dette emnet bygger på JOU111 der studentane har lært grunnleggande journalistiske ferdigheiter. Studentane skal no vidareutvikle kunnskapen til å omhandle nyheitsproduksjon for nettavis.Nyheitsproduksjon er kjernen i det journalistiske arbeidet. Den teoretiske kunnskapen skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyheitssaker for nett.
Studentane skal lære grunnleggande journalistisk språkbruk, forteljeteknikk og saksoppbygging. Emnet startar med teknisk innføring i nettverktøy og språkundervising.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal kunne forklare:
nettmediet sin eigenart og omgrep brukt i produksjon av nettjournalistikk
enkel forteljeteknikk og saksoppbygging for nett
nyheitsformidling på nett
god journalistisk språkbruk
bruk av foto i nettjournalistikk
korleis ein redigerer og publiserer nettsaker
Studenten skal kunne
ta gode bilde til eigne nyheitssaker
redigere og publisere saker i redaksjonen sitt publiseringsprogram
gå inn i ulike journalistiske roller i ein nyheitsredaksjon
gjere grunnleggjande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi
bruke enkle modellar for forteljeteknikk og gjere vurderingar ut frå nyheitskriteria
produsere nyheitssaker, nyheitsmeldingar, vurdere idéar til nyheitssaker, ta eigna foto til saker og levere saker til fastsett tid
Studenten skal kunne
arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon
samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø
evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar
Innføringskurs. Praksisførebuande undervising. Praktisk redaksjonelt arbeid med rettleiing frå lærar.
Frammøtekrav:
- deltaking på teknisk innføringskurs
- deltaking på praksisførebuande undervisning
- deltaking i praksisperioden
Arbeidskrav:
gjennomført teknisk innføringskurs
gjennomført praksisførebuande undervising
gjennomført praksisperiode, med dagleg deltaking i det redaksjonelle arbeidet
føre logg over eige arbeid dagleg gjennom praksisperioden
deltaking på evaluering av emnet
- Journalistikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått | Innlevering i Inspera. | Alle | Innlevering av ei nyheitssak til nett. Skrive ein metoderapport på 1800 – 2200 ord, med vurderingar og prioriteringar basert på pensumlitteratur |