Semesters

JON111 Praksis i nettavis

Course code: 
JON111
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
JOU111 Journalism 1 - What is journalism?
Required prerequisite knowledge

Det avgrensa tal plassar på dette emnet. Søknad om deltaking på emnet skal gjerast i undervisningsopptaket som vert gjennomført i november. Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til studiet vere avgjerande for rangeringa.

Course content

Dette emnet bygger på JOU111 der studentane har lært grunnleggande journalistiske ferdigheiter. Studentane skal no vidareutvikle kunnskapen til å omhandle nyheitsproduksjon for nettavis.Nyheitsproduksjon er kjernen i det journalistiske arbeidet. Den teoretiske kunnskapen skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyheitssaker for nett. 

Studentane skal lære grunnleggande journalistisk språkbruk, forteljeteknikk og saksoppbygging. Emnet startar med teknisk innføring i nettverktøy og språkundervising. 

Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal kunne forklare:  

  • nettmediet sin eigenart og omgrep brukt i produksjon av nettjournalistikk 

  • enkel forteljeteknikk og saksoppbygging for nett 

  • nyheitsformidling på nett 

  • god journalistisk språkbruk 

  • bruk av foto i nettjournalistikk 

  • korleis ein redigerer og publiserer nettsaker 

Learning outcome skills

Studenten skal kunne 

  • ta gode bilde til eigne nyheitssaker  

  • redigere og publisere saker i redaksjonen sitt publiseringsprogram 

  • gå inn i ulike journalistiske roller i ein nyheitsredaksjon  

  • gjere grunnleggjande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi 

  • bruke enkle modellar for forteljeteknikk og gjere vurderingar ut frå nyheitskriteria 

  • produsere nyheitssaker, nyheitsmeldingar, vurdere idéar til nyheitssaker, ta eigna foto til saker og levere saker til fastsett tid

Learning outcome qualification

Studenten skal kunne 

  • arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon  

  • samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø  

  • evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar

Working and learning activities

Innføringskurs. Praksisførebuande undervising. Praktisk redaksjonelt arbeid med rettleiing frå lærar.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • deltaking på teknisk innføringskurs
  • deltaking på praksisførebuande undervisning
  • deltaking i praksisperioden

Arbeidskrav:

  • gjennomført teknisk innføringskurs 

  • gjennomført praksisførebuande undervising 

  • gjennomført praksisperiode, med dagleg deltaking i det redaksjonelle arbeidet 

  • føre logg over eige arbeid dagleg gjennom praksisperioden 

  • deltaking på evaluering av emnet

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
22
Person in charge: 
Hild Nordal
Used in other programs
  • Journalism - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Pass / fail
Innlevering i Inspera.
Alle
Innlevering av ei nyheitssak til nett. Skrive ein metoderapport på 1800 – 2200 ord, med vurderingar og prioriteringar basert på pensumlitteratur
Approval signature: 
Kate Kartveit