Semestre
JOR111 Praksis i radio
Det er avgrensa tal plassar på dette emnet. I 2. semester (førsteårsstudentar) er maks antall studentar 22. I 4. semester (andreårsstudentar) er maks antall studentar 10.
Søknad om deltaking på emnet skal gjerast i undervisningsopptaket.
Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til emnet i 2. semester vere avgjerande for rangeringa.
I 4. semester vil karakteren i JOU112 Journalistikk 2 – Kjeldearbeid og formidling vere avgjerande for rangeringa. Ved like resultat vil ein også ta med resultat i MEV121 Medievitskap 1 – Medium, ytringsfridom og offentlegheit.
Dette emnet bygger på JOU111 der studentane har lært grunnleggande journalistiske ferdigheiter. Studentane skal no vidareutvikle kunnskapen til å omhandle nyheitsproduksjon for radio. Nyheitsproduksjon er kjernen i det journalistiske arbeidet. Den teoretiske kunnskapen skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyheitssaker og -sendingar. Radiostudentane får også erfaring med å produsere skriftlege jornalistiske saker for nett.
Studentane skal lære grunnleggande språkbruk, forteljarteknikk og saksoppbygging for radio. Emnet startar med teknisk innføring i redigering, opptak, studio og dei andre delane av det tekniske arbeidet med radio.
Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
kunne forklare radiomediet sin eigenart og omgrep brukt i radioproduksjon
kunne forklare enkel forteljarteknikk og saksoppbygging for radio
kunne forklare nyheitsformidling på radio
kunne forklare bruk av teknisk utstyr i studio
kunne forklare teknisk utstyr for å sende direkte utanfrå studio
kunne forklare bruk av redigeringsutstyr
Studenten skal kunne
gjere opptak, redigere og publisere nyheiter for radio
gå inn i ulike journalistiske roller i ein nyheitsredaksjon
gjere grunnleggande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi
bruke enkle modellar for forteljarteknikk og gjere vurderingar ut i frå nyheitskriterier
produsere ei nyheitssending, skrive meldingar, gjere opptak til saker, lage køyreplan og avvikle sendinga til oppsett tid
omarbeide radio-saker til nettsaker
Studenten skal kunne
arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon
samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø
evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar
Innføringskurs, praksisførebuande undervisning og praktisk redaksjonelt arbeid med rettleiing frå lærar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
gjennomført godtkjent reportasje under innføringskurset
levert godkjent logg over eige arbeid gjennom praksisperioden
deltaking i evaluering av emnet
- Journalistikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | - | Stått eller ikkje stått | 100 | Innlevering i Inspera. | Alle. | Innlevering av ei 3 minutt lang bulletinsending med eigne nyheitsmeldingar og saker. Skrive ein rapport på 1800 – 2200 ord med vurderingar og prioriteringar basert på pensumlitteratur. |