Semestre

JOR111 Praksis i radio

Emnekode: 
JOR111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
Krav til forkunnskapar

Det avgrensa tal plassar på dette emnet. Søknad om deltaking på emnet skal gjerast i undervisningsopptaket som vert gjennomført i november. Dersom det melder seg fleire søkjarar enn det er tal på plassar, vil studentane sine opptakspoeng til studiet vere avgjerande for rangeringa.

Om emnet

Dette emnet bygger på JOU111 der studentane har lært grunnleggande journalistiske ferdigheiter. Studentane skal no vidareutvikle kunnskapen til å omhandle nyheitsproduksjon for radio. Nyheitsproduksjon er kjernen i det journalistiske arbeidet. Den teoretiske kunnskapen skal omsetjast til praktiske ferdigheiter gjennom produksjon av nyheitssaker og -sendingar. Radiostudentane får også erfaring med å produsere skriftlege jornalistiske saker for nett.

Studentane skal lære grunnleggande språkbruk, forteljarteknikk og saksoppbygging for radio. Emnet startar med teknisk innføring i redigering, opptak, studio og dei andre delane av det tekniske arbeidet med radio.

Hovuddelen av emnet er den seks veker lange interne praksisperioden.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal  

  • kunne forklare radiomediet sin eigenart og omgrep brukt i radioproduksjon

  • kunne forklare enkel forteljarteknikk og saksoppbygging for radio

  • kunne forklare nyheitsformidling på radio

  • kunne forklare bruk av teknisk utstyr i studio

  • kunne forklare teknisk utstyr for å sende direkte utanfrå studio  

  • kunne forklare bruk av redigeringsutstyr 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • gjere opptak, redigere og publisere nyheiter for radio

  • gå inn i ulike journalistiske roller i ein nyheitsredaksjon

  • gjere grunnleggande vurderingar og prioriteringar av saker ut frå nyheitsverdi

  • bruke enkle modellar for forteljarteknikk og gjere vurderingar ut i frå nyheitskriterier

  • produsere ei nyheitssending, skrive meldingar, gjere opptak til saker, lage køyreplan og avvikle sendinga til oppsett tid

  • omarbeide radio-saker til nettsaker 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • arbeide sjølvstendig i ein nyheitsredaksjon  

  • samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø 

  • evaluere eigne og andre sine nyheitsproduksjonar 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Innføringskurs, praksisførebuande undervisning og praktisk redaksjonelt arbeid med rettleiing frå lærar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • deltaking på teknisk innføringskurs
  • deltaking på praksisførebuande undervisning
  • deltaking i praksisperioden

Arbeidskrav:

  • gjennomført teknisk innføringskurs

  • gjennomført praksisførebuande undervising

  • gjennomført praksisperiode med dagleg deltaking i det redaksjonelle arbeidet

  • lage og gjennomføre godtkjent sending på 10 minutt under innføringskurset

  • føre logg over eige arbeid dagleg gjennom heile praksisperioden

  • deltaking på evaluering av emnet

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
22
Emneansvarleg: 
Charlotte Louise Loxley Helleland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
-
Stått eller ikkje stått
100
Innlevering i Inspera.
Alle.
Innlevering av ei 3 minutt lang bulletinsending med eigne nyheitsmeldingar og saker. Skrive ein rapport på 1800 – 2200 ord med vurderingar og prioriteringar basert på pensumlitteratur.
Godkjent av: 
Kate Kartveit