Semestre

JOU102 Journalistikk 2

Emnekode: 
JOU102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk
JOU101 Journalistikk 1
Krav til forkunnskapar

Må ha godkjend innføringskurset i journalistisk arbeidsteknikk (JOU100) og arbeidskrava knytta til Journalistikk 1 (JOU101).

Om emnet

Emnet er ei vidareføring av JOU 101. Det vert gitt innføring i undersøkjande  og oppsøkande journalistiske metodar, med vekt på å arbeide fram eigne nyheiter og forteljingar og sikre kvalitet i journalistikkens innhald. Verifiserte fakta skal bere ei journalistisk forteljing. Val og bruk av kjelder, kjeldekritikk og analyse av kjeldematerialet er her heilt sentralt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal 

  • ha god forståing  av ulike typar kjelder og kjeldekritikk (kjeldekunnskap)
  • ha god kunnskap om kjeldekritisk analyse, kjeldemakt og -styring
  • ha god forståing av reporterens ulike journalistiske metodar
  • ha god kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
  • ha god forståingfor det etiske regelverket
  • ha god forståing for nyheits- og reportasjesjangere og ei journalistisk forteljing
  • ha grunnleggjande kunnskap om den journalistiske arbeidsprosess frå utvikling av idé til undersøking, analyse  og forteljing
  • ha god forståing for journalistrolla og det journalistiske samfunnsoppdraget
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne utvikle eigne idear og gjennomføre undersøkjande prosjekt
  • kunne problematisere kjeldekritiske, etiske og analytiske  utfordringar i reporterens arbeid
  • kunne meistre metodane intervju, observasjon og å leite fram dei sentrale skriftelege kjeldene (inkludert nett, bilete osv)
  • kunne jobbe i team med andre reporterar
Generell kompetanse

Studenten skal

  • vere i stand til å gjennomføre større sjølvstendige prosjekt
  • vere i stand til samarbeide i team, og samstundes ta eige ansvar og jobbe sjølvstendig
  • kunne finne og formidle nyheiter/forteljingar som i sitt innhald er vesentlege for samfunnet og enkeltmennesket
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet vil strekkje seg over eitt (1) semester og er samansett av førelesingar, seminar, journalistisk teamarbeid  med lærar som rettleiar/arbeidsleiar og til slutt refleksjon over eige arbeid.  I emnet vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal jobbe i team (gruppe) og  teamet skal saman levere

a) eit (felles) kvalifisert journalistisk produkt og

b) ein felles metoderapport.

Ramme for oppgåva vert kunngjort tidleg i semesteret. Oppgåva er obligatorisk.
Arbeidskravet skal vere levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen.

Godkjend oppgåve er ein føresetnad  for å gå opp til eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
80
Emneansvarleg: 
Jorunn Gran
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.03.20