Semestre
JOU102 Journalistikk 2
Må ha godkjend innføringskurset i journalistisk arbeidsteknikk (JOU100) og arbeidskrava knytta til Journalistikk 1 (JOU101).
Emnet er ei vidareføring av JOU 101 og går djupare inn i tema frå det første emnet. Det vert gitt innføring i undersøkjande journalistikk med vekt på kjeldearbeid og undersøkingsfasen i journalistikken.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- god forståelse av kjeldearbeid og kjeldekritikk (kjeldekunnskap)
- god kunnskap om kjeldekritisk analyse, kjeldemakt og -styring
- god forståelse for journalistiske metoder
- god kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
- god forståelse for det etiske og juridiske regelverket
- god forståelse for nyheits- og reportasjesjangeren
- grunnleggande kunnskap om den journalistiske arbeidsprosess frå utvikling av idé til undersøking og formidling
- god forståelse for journalistrollen og det journalistiske oppdraget
- kan utvikle eigne idear og gjennomføre undersøkande prosjekt
- kan problematisere vanskelege etiske, juridiske og kjeldekritiske utfordringar i journalistisk arbeid
- beherskar ulike intervjuteknikkar og kan arbeide med samansett kjeldmateriale
- er i stand til å gjennomføre større sjølvstendige prosjekt
Emnet vil strekkje seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og workshop. I undervisinga vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert.
Studenten skal levere to obligatoriske oppgåver. Rammene for oppgåvene vert kunngjort tidleg i semesteret.
Arbeidskravet skal være levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.
- Journalistikk, spesialisering avis/nett
- Journalistikk, spesialisering tv/radio
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |