Semestre

JOU102 Journalistikk 2

Emnekode: 
JOU102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Må ha godkjend innføringskurset i journalistisk arbeidsteknikk (JOU100) og arbeidskrava knytta til Journalistikk 1 (JOU101).

Om emnet

Emnet er ei vidareføring av JOU 101 og går djupare inn i tema frå det første emnet. Det vert gitt innføring i undersøkjande journalistikk med vekt på kjeldearbeid og undersøkingsfasen i journalistikken.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

- god forståelse av kjeldearbeid og kjeldekritikk (kjeldekunnskap)

- god kunnskap om kjeldekritisk analyse, kjeldemakt og -styring

- god forståelse for journalistiske metoder

- god kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn

- god forståelse for det etiske og juridiske regelverket

- god forståelse for nyheits- og reportasjesjangeren

- grunnleggande kunnskap om den journalistiske arbeidsprosess frå utvikling av idé til undersøking og formidling

- god forståelse for journalistrollen og det journalistiske oppdraget

Ferdigheiter

- kan utvikle eigne idear og gjennomføre undersøkande prosjekt

- kan problematisere vanskelege etiske, juridiske og kjeldekritiske utfordringar i journalistisk arbeid

- beherskar ulike intervjuteknikkar og kan arbeide med samansett kjeldmateriale

Generell kompetanse

- er i stand til å gjennomføre større sjølvstendige prosjekt

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet vil strekkje seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og workshop. I undervisinga vert journalistisk teori, analyse og praksis integrert. Det er ei (1) obligatorisk gruppeoppgåve.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere to obligatoriske oppgåver. Rammene for oppgåvene vert kunngjort tidleg i semesteret.
Arbeidskravet skal være levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
80
Emneansvarleg: 
Turid Øvrebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100