Semestre

JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?

Emnekode: 
JOU111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i nyheitsproduksjon, samstundes som studentane tileignar seg ei forståing av journalistrolla og den journalistiske profesjonskulturen. Viktige element i emnet er journalistisk metode og presentasjon, nyheitsvurdering og presseetikk. Studenten får også grunnleggande teknisk innføring i foto, video og nettpublisering. 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

 

Kunnskapar

 

Studenten skal ha 

  • kjennskap til journalistisk metode med vekt på bruk av munnlege og skriftlege kjelder
  • grunnleggande kunnskap om det presseetiske regelverket
  • ha innsikt i journalistiske vurderingar og kjennskap til sentrale journalistiske sjangrar
  • grunnleggande kunnskap om journalistrolla og media sitt samfunnsoppdrag
  • grunnleggande kunnskap om kva som er godt journalistisk språk
  • grunnlerggande kunnskap om bruk av foto- og videoutstyr
  • grunnleggande kunnskap om nettpublisering og publiseringsreglar 

 

Ferdigheiter

 

Studenten skal meistre grunnleggande journalistiske ferdigheiter og kunne

  • produsere og publisere enkle nyheitssaker på ulike plattformer
  • vurdere nyheitsverdi og journalistisk vinkling
  • finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder
  • vurdere etiske problemstillingar i praktisk arbeid ut frå Vær Varsam-plakaten 
  • meistre enkel intervjuteknikk
  • skrive tekstar med god flyt og godt språk
  • produsere enkle journalistiske stillbilete og videoar

 

Generell kompetanse

 

Studenten skal kunne 

  • samarbeide godt med medstudentar
  • delta i evaluering av eige og andre sitt arbeid 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er sett saman av forelesingar, seminar, teknisk innføring, skriveverkstad og ulike typer oppgåver og arbeidskrav. I undervisinga vert journalistisk teori og praksis integrert. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal i løpet av emnet levere fleire obligatoriske oppgåver. Rammer og krav for oppgåvene vert gitt i starten av semesteret. Alle arbeidskrav skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. 

Frammøtekrav:

  • Deltaking på skriveverkstad og i gjennomgang av obligatoriske oppgåver.
  • Deltaking på praktisk og teknisk undervising. 

Arbeidskrav:

  • Obligatoriske oppgåver i journalistikk.
  • Obligatioriske oppgåver i journalistisk arbeidsteknikk.
  • Deltaking i evaluering av emnet.
Minimumstal: 
30
Maksimumstal: 
110
Emneansvarleg: 
Charlotte Louise Loxley Helleland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen.
Ingen
Godkjent av: 
Kate Kartveit