Semestre

JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?

Emnekode: 
JOU111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i nyheitsproduksjon, samstundes som studentane tileignar seg ei forståing av journalistrolla og den journalistiske profesjonskulturen. Viktige element i emnet er journalistisk metode og presentasjon, nyheitsvurdering og presseetikk. Studenten får også grunnleggande teknisk innføring i foto, video og nettpublisering.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kjennskap til journalistisk metode med vekt på bruk av munnlege og skriftlege kjelder
  • har grunnleggande kunnskap om det presseetiske regelverket
  • har innsikt i journalistiske vurderingar og kjennskap til sentrale journalistiske sjangrar
  • har grunnleggande kunnskap om journalistrolla og media sitt samfunnsoppdrag
  • har grunnleggande kunnskap om kva som er godt journalistisk språk
  • har grunnlerggande kunnskap om bruk av foto- og videoutstyr
  • har grunnleggande kunnskap om nettpublisering og publiseringsreglar 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan produsere og publisere enkle nyheitssaker på ulike plattformer
  • kan vurdere nyheitsverdi og journalistisk vinkling
  • kan finne, vurdere og bruke ulike typer kjelder
  • kan vurdere etiske problemstillingar i praktisk arbeid ut frå Vær Varsam-plakaten 
  • kan meistre enkel intervjuteknikk
  • kan skrive tekstar med god flyt og godt språk
  • kan produsere enkle journalistiske stillbilete og videoar
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan samarbeide godt med medstudentar
  • kan delta i evaluering av eige og andre sitt arbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes seminar og verkstadar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  • evaluering av emnet

Emnet har også andre arbeidskrav som er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • typearbeidskrav 
  • tal arbeidskrav
  • organisering
  • omfang
  • frist
Maksimumstal: 
110
Emneansvarleg: 
Charlotte Louise Loxley Helleland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen.
Ingen
Godkjent av: 
Kate Kartveit