Semestre

JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling

Emnekode: 
JOU112
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv
Om emnet

Dette emnet er ei vidareføring av JOU111. Det blir gitt ei innføring i undersøkande og oppsøkande journalistisk metode med vekt på å arbeide fram eigne nyheiter. Viktige tema er kjeldearbeid, reglar for offentlegheit og innsynsrett. I tillegg blir det jobba meir med bruk av journalistisk arbeidsmetode, språk og formidling.

Nyheitsjournalistikken har fokus, og ein viktig del av emnet er også ei praktisk gruppeoppgåve der studentane gjennom research, vurderingar og analyse av kjeldemateriale skal lage eigne nyheitssaker.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha 

  • god forståing av ulike typer kjelder og kjeldekritikk
  • god kunnskap om kjeldekritisk analyse, kjeldemakt og kjeldestyring
  • god kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
  • god forståing av grunnleggande journalistisk metode
  • god kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen frå utvikling av idé til undersøking, analyse og forteljing
  • god forståing av nyheitssjangeren og den journalistiske forteljinga
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • utvikle eigne idéar og gjennomføre undersøkande nyheitsjournalistikk

  • gjere research og finne relevante muntlege og skriftlege kjelder

  • gjere kjeldekritiske, etiske og analytiske vurderingar i det journalistiske kjeldearbeidet

  • praktisere bruk av innsynsretten og bruk av offentleglova

  • gjennomføre faktasjekk

  • bruke statistikk og talmateriale i arbeid med journalistiske saker   

  • meistre nyheitsintervjuet

  • produsere nyheitssaker med godt språk og god flyt

  • samarbeide godt med andre i det journalistiske arbeidet

Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • gjennomføre større prosjekt i samarbeid med andre

  • ta eige ansvar og jobbe sjølvstendig

  • vurdere idéar ut frå nyheitsverdi og relevans

  • reflektere over journalistikken sitt objektivitetsideal  og journalistikken sin plass i demokratiet

Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • forelesingar, workshop og seminar. 
  • gruppearbeid med praktisk nyheitsarbeid i kjeldebruk med rettleiing frå lærar
     
Vilkår for å framstille seg til eksamen

 

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  • godkjent gruppeoppgåve med levering av felles nyheitssak

  • felles metoderapport

  • deltaking i evaluering av emnet

Minimumstal: 
30
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Hild Nordal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Eksamen blir avvikla i Inspera
Alle
Godkjent av: 
Kate Kartveit