Semestre
JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling
Emnet er ei vidareføring av JOU111. Det blir gitt ei innføring i undersøkande og oppsøkande journalistisk metode. Viktige tema er kjeldearbeid, reglar for offentlegheit og innsynsrett. I tillegg blir det jobba meir med bruk av journalistisk arbeidsmetode, språk og formidling.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har god forståing av ulike typer kjelder og kjeldekritikk
- har god kunnskap om kjeldekritisk analyse, kjeldemakt og kjeldestyring
- har god kunnskap om offentleglova og reglar for innsyn
- har god forståing av grunnleggande journalistisk metode
- har god kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen frå utvikling av idé til undersøking, analyse og forteljing
- har god forståing av nyheitssjangeren og den journalistiske forteljinga
Studenten:
- kan utvikle eigne idéar og gjennomføre undersøkande nyheitsjournalistikk
- kan gjere research og finne relevante muntlege og skriftlege kjelder
- kan gjere kjeldekritiske, etiske og analytiske vurderingar i det journalistiske kjeldearbeidet
- kan praktisere bruk av innsynsretten og bruk av offentleglova
- kan gjennomføre faktasjekk
- kan bruke statistikk og talmateriale i arbeid med journalistiske saker
- kan meistre nyheitsintervjuet
- kan produsere nyheitssaker med godt språk og god flyt
- kan samarbeide godt med andre i det journalistiske arbeidet
Studenten:
- kan gjennomføre større prosjekt i samarbeid med andre
- kan ta eige ansvar og jobbe sjølvstendig
- kan vurdere idéar ut frå nyheitsverdi og relevans
- kan reflektere over journalistikken sitt objektivitetsideal og journalistikken sin plass i demokratiet
Forelesingar og studentaktive undervisningsformer som til dømes verkstadar, seminar og gruppearbeid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- evaluering av emnet
Emnet har også andre arbeidskrav som er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- typearbeidskrav
- tal arbeidskrav
- organisering
- omfang
- frist
- Journalistikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eksamen blir avvikla i Inspera | Alle |