Semestre
JOU113 Podkast
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling
eller
INF131 PR/kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar
INF132 PR/kommunikasjon 2: Kommunikasjonsteori
eller
MPRO112 Fortellerteknikk og dramaturgi
MPRO210 Medieproduksjon - Dokumentar
Podkastemnet er eit teoretisk og praktisk emne i faktabasert historieforteljing med vekt på lydproduksjon og dramaturgi. Studentane skal få kjennskap til podkastmediet gjennom å analysere ferdige program, samt opparbeide seg kunnskap til å produsere eigne program.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- kjennskap om den historiske utviklinga til podkast som plattform og medium
- grunnleggande kunnskap om podkast sin eigenart
- grunnleggande kunnskap om teknisk utstyr knytt til podkastproduksjon
- grunnleggande kunnskap om ideutvikling, lydarbeid, dramaturgi og struktur i ein produksjon
- grunnleggande kunnskap om å utvikle eit prosjekt frå ide til ferdig produksjon
Studenten kan
- bruke utstyr til å gjere opptak, både i studio og med mobilt utstyr
- redigere opptak i lydredigeringsprogram
- gjere sjølvstendige vurderingar av ein podkast sitt innhald
- vurdere dramaturgi og struktur i lydmedier
- produsere ein podkast
Studenten kan
- analysere eige arbeid opp mot pensum
- reflektere over sentrale omgrep som lydarbeid, dramaturgi og struktur i lydproduksjonar
Forelesingar og ulike studentaktive læringsformer som til dømes verkstadar og innføringskurs.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- Inntil to skriftlege arbeidskrav
- Evaluering av emnet
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- organisering
- omfang
- frist
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Journalistikk - bachelor
- Medieproduksjon - bachelor
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | - Podkast på 10-25 minutt. - Metoderapport: 2500-3000 ord. Dei som samarbeider om podkastproduksjon, leverer individuell metoderapport. |
Der kandidatane har arbeidd med eksamensproduksjonen i par, skal det i metoderapporten kome klart fram kven som har gjort kva.