Semestre
JOU113 Podkast
Podkastemnet er eit emne i faktabasert historieforteljing med lyd og dramaturgi som verkemiddel.
Studentane skal få kjennskap til podcast gjennom å analysere ferdige program samt opparbeide seg kunnskap til å produsere eigne program.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- kunnskap om den historiske utviklinga til podkast som plattform og medium
- kunnskap om ulike sjangrar innan podkast
- kunnskap om podkast sin eigenart
- kunnskap om teknisk utstyr knytt til podkastproduksjon
- kjennskap til korleis ein arbeider mot ei bestemt målgruppe
- kjennskap til prosessar knytt til idéutvikling
Studenten skal kunne:
- bruke utstyr til å gjere opptak, både i studio og med mobilt utstyr
- redigere opptak i enkelt lydredigeringsprogram
- gjere sjølvstendige vurderingar av ein podkast sitt innhald
- vurdere dramaturgi og struktur i lydmedier
Studenten:
- har utvikla kunnskap og ferdigheiter for å produsere ein podkast
- har kompetanse til å analysere eige arbeid opp mot pensum
- Har kompetanse til å utvikle idear og reseach i teams.
Arbeids- og undervisingsformene i emnet er ein kombinasjon av forelesingar, seminar/workshop, oppgåver, teknisk innføring og lyttesesjonar. Emnet er både praktisk og teoretisk og studentane skal nytte den teoretiske kunnskapen frå forelesingane i det praktiske arbeidet.
Undervisinga vert organisert både individuelt og i grupper. Og arbeidet kan vera både lærar- og studentstyrt. Studentane får rettleiing i arbeidet med eigen podkast. Ein sentral del av undervisinga er å lytte til eksisterande podkastar.
Ein forventar at studentane arbeider i par med eksamensproduksjonen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 .
Arbeidskrav:
- Deltaking i evaluering av emnet
- Tre skriftlege innleveringar som er knytt til reseach og metode i høve eigen produksjon. Desse er første steg mot metoderapporten til eksamen. Kvar innlevering bør ha minst 1000 nye ord: Innlevering nummer to bygger på nummer ein. Tredje innlevering på nummer to og tre og metoderapporten på dei tidlegare innleveringane.
- Journalistikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Ein praktisk podkast. | 10-25 minutt | |
Rapport | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Metoderapport som beskriv det praktiske og teoretiske arbeidet som er lagt ned i podkasten. Studentane skal vise til pensumlitteratur i metoderapporten. Der kandidatane har arbeidd med eksamensproduksjonen i par, skal det i metoderapporten kome klart fram kven som har gjort kva. | Metoderapport ved individuell levering: 2500-3000 ord. Metoderapport der kandidatane har arbeidd i par: 3000-3500 ord. |