Semestre

JOU113 Podkast

Emnekode: 
JOU113
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling

eller

INF131 PR/kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar
INF132 PR/kommunikasjon 2: Kommunikasjonsteori

eller

MPRO112 Fortellerteknikk og dramaturgi
MPRO210 Medieproduksjon - Dokumentar

Om emnet

Podkastemnet er både eit teoretisk og praktisk emne i faktabasert historieforteljing med lyd og dramaturgi som verkemiddel. Studentane skal få kjennskap til podkast gjennom å analysere ferdige program samt opparbeide seg kunnskap til å produsere eigne program.
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om den historiske utviklinga til podkast som plattform og medium
  • har kunnskap om ulike sjangrar innan podkast
  • har kunnskap om podkast sin eigenart
  • har kunnskap om teknisk utstyr knytt til podkastproduksjon
  • har kjennskap til korleis ein arbeider mot ei bestemt målgruppe
  • har kjennskap til prosessar knytt til idéutvikling
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke utstyr til å gjere opptak, både i studio og med mobilt utstyr
  • kan redigere opptak i enkelt lydredigeringsprogram
  • kangjere sjølvstendige vurderingar av ein podkast sitt innhald
  • kan vurdere dramaturgi og struktur i lydmedier
  • kan produsere ein podkast
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan analysere eige arbeid opp mot pensum
  • kan utvikle idear og reseach i samarbeid med andre
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar og ulike studentaktive læringsformer som til dømes verkstadar, seminar, gruppearbeid og innføringskurs.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  • evaluering av emnet

Emnet har også andre arbeidskrav som er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • type arbeidskrav 
  • tal arbeidskrav
  • organisering
  • omfang
  • frist
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Charlotte Louise Loxley Helleland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
  • Medieproduksjon - bachelor
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Mappevurdering: Ein praktisk podkast og metoderapport som beskriv det praktiske og teoretiske arbeidet som er lagt ned i podkasten. Studentane skal vise til pensumlitteratur i metoderapporten.

Der kandidatane har arbeidd med eksamensproduksjonen i par, skal det i metoderapporten kome klart fram kven som har gjort kva.
- Podkast på 10-25 minutt.
- Metoderapport: 2500-3000 ord. Dei som samarbeider om podkastproduksjon, leverer individuell metoderapport.
Godkjent av: 
Kate Kartveit