Semestre

JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar

Emnekode: 
JOU213
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling
SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv
Om emnet

I dette emnet går ein djupare inn i reglane for kva journalistar kan publisere. Emnet tek føre seg dei viktigaste publiseringsreglane som gjeld for journalistar. Emnet vidareførar og utdjuper det studentane allereie har lært om presseetikk, og i tillegg får studentane ei innføring i det pressejuridiske regelverket.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggande kunnskap om forskjellen mellom pressejuss og presseetikk    

  • har grunnleggande forståing for kva rettsleg argumentasjon og rettskjelder er 

  • har brei kunnskap om innhaldet i Ver Varsam-plakaten og presseetikken 

  • har grunnleggande kunnskap om den rettslege avveginga mellom ytringsfridom og andre omsyn 

  • har grunnleggande kunnskap om dei viktigaste rettsreglane for journalistisk publisering  

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan identifisere og formulere rettslige og presseetiske problemstillingar som oppstår ved journalistisk publisering 

  • kan finne fram til dei presseetiske kjeldene og dei mest sentrale rettskjeldene 

  • kan vurdere rettslige og presseetiske problemstillinger basert på rettskjelder og presseetiske kjelder 

  • kan foreta avveging mellom ytringsfridomen og personvernet   

  • kan vurdere bruk av opphavsrettsleg verna materiale 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan foreta sjølvstendige vurderingar i saker der ytringsfridomen må vegast mot andre omsyn  

  • kan reflektere godt rundt dei juridiske og presseetiske publiseringsreglane   

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesningar, videoforelesningar og ulike studentaktive læringsformer som til dømes gruppearbeid, gruppediskusjon og plenumsdiskusjon. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  • evaluering av emnet

Emnet har også andre arbeidskrav som er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • type arbeidskrav 
  • tal arbeidskrav
  • organisering
  • omfang
  • frist
Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Ellen Lexerød Hovlid
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ver Varsam-plakaten og relevante lovtekstar
Godkjent av: 
Kate Kartveit