Semestre

JOU213 Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsreglar

Emnekode: 
JOU213
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Journalism 3 - Press Ethics and Publication Rules
Emnenavn på bokmål: 
Journalistikk 3 - Juridiske og presseetiske publiseringsregler
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling
SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv
Om emnet

I dette emnet går ein djupare inn i publiseringsreglane i pressejussen og presseetikken. Studentane har tileigna seg grunnleggande kunnskapar gjennom emna JOU111, SAJ101, MEV121 og JOU112. Sentrale omgrep i emnet er ytringsfridom, personvern og opphavsrett. Ein tar vidare føre seg reglar for bruk av kjelder frå sosiale medium og kjelder som har teieplikt, og det vil bli gitt ei innføring i kven som kan haldast ansvarleg for brot på reglane.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om 

  • forskjellen mellom pressejuss og presseetikk   

  • juridiske reglar for publisering 

  • publisering av materiale henta frå sosiale medier

 

Studenten skal ha brei kunnskap om  

  • Vær Varsam-plakaten  

  • presseetikk 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne vurdere

  • publiseringsrett, både presseetisk og juridisk.  

  • bruk av materiale opp mot åndsverklova (opphavsretten)   

  • avveginga mellom ytringsfridom og personvern (til dømes privatlivets fred, ærekrenking, retten til eige bilde)  

  • journalistiske saker opp mot Vær Varsam-plakaten

  • bruk av materiale frå sosiale medier opp mot publiseringsreglane  

 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • reflektere godt rundt dei juridiske publiseringsreglane  

  • reflektere godt rundt journalistisk arbeid med kjelder med teieplikt  

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • forelesingar, både digitale og klasseromundervising   

  • workshop/gruppearbeid der studentane får jobbe med case  

  • PFU/etikkseminar  

  • barnevernseminar  

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  • levere skriftleg case-oppgåve  

  • deltaking i evaluering av emnet 

Minimumstal: 
30
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hans Martin Dypvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Kate Kartveit