Semestre
KIP104 Vurdering av kunstig intelligens
Ingen.
I dette emnet vil studentane lære om korleis ein kan vurdere KI-løysingar. Det vil bli drøfta korleis ein kan ta omsyn til usikkerheit, korleis ein kan teste modellar, og ulike metrikkar for testing/validering, men inkluderer også tverrfaglege vurderingar av korleis KI-metodar og system og etiske vurderingar. Kryssvalidering, robusthet og forklarbarhet er også viktige nøkkelord. Dette emnet vil gå i detaljar på ulike tema frå emnet introduksjon til kunstig intelligens, og studenten vil bli kjent med ulike metodar og verktøy for å evaluere KI-system.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om sentrale omgrep som: bias, varians og robusthet
- kjennskap til nasjonale og internasjonale retningslinjer for bruk av KI
- kunnskap sentrale konsept av forklarbarhet i maskinlæring
Studenten skal kunne
- vurdere etiske problemstillingar knytt til bruk og utvikling av KI
- analysere, reflektere over og vurdere eige og ande sitt arbeid
- reflektere over og samanlikne ulike KI-modellar
- kritisk vurdere etiske og praktiske utfordringar med KI
- ta i bruk retningslinjer for bruk av KI i vurderingar
Studenten skal
- har innsikt i etiske vurderingar og implikasjonar ved bruk av KI
- kunne identifisere moglegheiter og utfordringar i eit datasett til bruk av KI
- reflektere over korleis data kan påverke trening, testing og bruk av KI
Emnet er samlingsbasert ved Høgskulen i Volda, og arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom forelesingar, diskusjon, oppgåveløysing, og sjølvstendig arbeid. Det vil bli gitt tilbakemelding på arbeid gjennom semesteret. Detaljar vil gå fram av semesterplanen. Det vil bli gitt forarbeid og etterarbeid til kvar samling.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk deltaking i alle undervisnings- og arbeidsformer knytt til emnet jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6. For å kunne stille til eksamen må studenten ha godkjent oppmøte og deltaking på minimum 80% av undervisning i emnet
Arbeidskrav:
Det blir gitt eitt arbeidskrav som kan bestå av fleire delar. Arbeidskravet må vere godkjent for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Kunstig intelligens i praksis
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 % | Studentane vil bli gitt ei detaljert skildring i semesterplanen. |